NRK Meny
Normal

Heller ikkje vegvesenet godtek bot etter dødsulukka – ber politiet etterforske meir

Statens vegvesen godtek ikkje bota på 500.000 kroner etter at ein ung dumparførar omkom under arbeid på Dalsfjordsambandet i fjor.

Dumper brasa utfor ved Eikenes

GODTEK IKKJE: Verken hovudentreprenør KA Aurstad eller Statens vegvesen godtek bot etter dødsulukka på Dalsfjordsambandet.

Foto: Silje Guddal / NRK

Entreprenørverksemda KA Aurstad og Statens vegvesen vart begge bøtelagde etter ulukka der ein 25-åring frå Ørsta omkom.

Frå før er det klart at entreprenøren ikkje godtek bota på ein million kroner, og ei erstatning på 100.000 kroner til kvar av foreldra til den forulukka.

– Slik vi ser saka, så er den ikkje godt nok belyst. Vi ber om at politiet gjer meir etterforsking, seier seksjonsleiar Margot Åsebø i Statens vegvesen.

Mangelfullt planverk

Det var i januar i fjor at ein dumpar hamna i fjorden under snuing på veganlegget. Det var ingen fysiske sperringar som hindra køyretøy å hamne i fjorden på staden.

Jørn Lasse Refsnes

POLITIADVOKAT: Jørn Lasse Refsnes meiner at både entreprenøren og Statens vegvesen må stillast til ansvar etter dødsulukka.

Foto: Bård Siem / NRK

Påtalemakta meiner det var byggherre Statens vegvesen sitt ansvar å passe på at arbeidsmiljøet var forsvarleg. Bota dei fekk var på 500.000 kroner.

Politiadvokat Jørn Lasse Refsnes har torsdag ikkje vore tilgjengeleg for kommentar i saka.

– Det går særskilt ut på at dei risikoar som er på eit anleggsområde, skal vere omhandla i planverket for prosjektet. Denne var mangelfull og det var ikkje gjort vurderingar og tiltak knytt til risikoen for utforkøyring, sa Refsnes om førelegget i slutten av august.

– Nye opplysningar

Åsebø ynskjer ikkje å gå i detalj på kva opplysningar dei etterlyser, men seier dei vil be politiet gjere meir etterforsking for tydelegare å klargjere ansvarsfordelinga på anlegget.

Margot Aase Åsebø

BEKLAGAR: Margot Aase Åsebø seier at Statens vegvesen ikkje fråskriv seg ansvar ved å ikkje vedta bota, men at dei ynskjer at politiet gjer ytterlegare etterforskingssteg.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

For politiet sin del var etterforskinga krevjande då i anleggsarbeid er fleire aktørar med ulike ansvarsområde og ulike reglar å stelle seg til.

– Det er veldig viktig for oss å få klarlagt ansvarsfordeling mellom partane i prosjektet og det er heilt avgjerande for å lære og for å rette opp i eventuelle systemfeil eller andre manglar i vår handtering av utbyggingsprosjekt, seier ho.

– Vi har lagt fram nye opplysningar i saka, men vil ikkje gå i detalj. Vi ynskjer dialog med politiet, og at politiet gjer ytterlegare etterforsking så vi er heilt sikre på at dei har alle tilgjengeleg opplysningar i saka, held seksjonsleiaren fram.

Innstilt på å ta ansvar

Også KA Aurstad sende bota tilbake til politiet med beskjed om at heller ikkje dei kunne akseptere bota. I september sa styreformann og eigar Kjell Arne Aurstad til Våre vegar at dei er innstilt på at saka kan bli avgjort i retten.

– Vi har registrert at dei heller ikkje har vedteke bota, men det har ingenting å seie for korleis vi har vurdert saka eller vår avgjerd, seier Åsebø og seier at deira hovudfokus er å få avklara ansvarsforholdet etter regelverket.

– At de no avviser bota, betyr det at de også avviser ansvar for ulukka?

– Det betyr det ikkje. Vi er innstilte på å ta vår del av ansvaret, men slik saka er no, så meiner vi den ikkje er godt nok belyst. Dersom vi vedtek bota slik den ligg føre, så vil det føre til ei uklar ansvarsfordeling mellom partane på ein anleggsstad.

To ulukke på kort tid

Statens vegvesen hadde på kort tid to dødsulukker på sine anlegg i Sogn og Fjordane. Også på Filefjell omkom ein ung anleggsarbeidar då dumparen hans brasa ned i ei elv.

Vegvesenet auka etter ulukkene fokus på tryggleiken på sine anlegg. Åsebø beklagar på det sterkaste ulukkene.

– Vi arbeider kontinuerleg med tiltak for å unngå ulukker på våre anlegg. Ei kvar ulukke er ei for mykje. Spesielt når det får så tragisk utfall som her, seier Åsebø.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå