Hopp til innhold

Omkom etter å ha køyrt dumpar med defekte bremser - no er entreprenøren tiltalt

Det er teke ut tiltale mot to personar i Grunn- og Fjellentreprenøren AS for fleire brot på arbeidsmiljølova og forskrifter til denne etter at 20 år gamle Mathias Fors Olsen omkom etter ei arbeidsulykke på E16 på Filefjell i november 2012.

Sakna dumperførar funnen på E16.

OMKOM: Mathias Fors Olsen omkom då dumparen han køyrde, brasa utfor ein skrent og hamna i elva på Filefjell.

Foto: Privat

Dumparen som Olsen køyrde, for utfor ein 30 meter høg skrent og hamna i ei elv. 20-åringen vart liggjande ein halv time under vatn og døydde to dagar seinare på grunn av skadane som han vart påført.

No har politimeisteren i Sogn og Fjordane teke ut tiltale mot to personar, som leia entreprenørselskapet, for ei rekkje brot på arbeidsmiljølova og forskrifter som høyrer til.

– Vi har teke ut tiltale mot dei to personane som leia selskapet på det tidspunktet som ulykka skjedde. Dei sakene skal handsamast i Sogn tingrett, men vi har ikkje nøyaktig dato for det endå, seier Refsnes.

Mangla heilt eller delvis bremser

Dumparen som Olsen køyrde, hadde defekt parkeringsbrems og heilt eller delvis defekte bremser på dei fire bakarste hjula, som følgje av bremsevæskelekkasje.

– Begge er tiltalte for brot på arbeidsmiljølova. Det eine går på den tekniske tilstanden til dumparen. Politiet meiner den hadde vesentlege manglar som medverka til at ulykka skjedde. I tillegg hadde ikkje føraren av dumparen opplæring i å køyre denne type dumpar, seier Refsnes.

I tiltalen heiter det at på grunn av dei tekniske manglane og manglande opplæring, mista Olsen kontroll over dumparen i ei nedoverbakke, slik at dumparen køyrde i elva.

Det var ikkje gjennomført sakkunnig kontroll av dumparen sidan 31. mars 2011, eitt år og åtte månadar tidlegare.

Politiet meiner Grunn- og Fjellentreprenøren AS som arbeidsgjevar ikkje hadde tilstrekkelege rutinar for å sørge for å avdekke og utbetre feil og manglar ved dumparen.

Må betale oppreising på 450.000 kroner

Olsen hadde heller ikkje fått opplæring i bruk av dumpar. Verksemda hadde ikkje tilstrekkelege rutinar for å sikre at bruken av dumparen vart avgrensa til personar som hadde fått i oppgåve å bruke den, og som hadde gjennomgått naudsynt opplæring.

– Selskapet, Grunn- og Fjellentreprenøren AS er pålagt ei bot på 400.000 kroner. I tillegg er dei pålagde å betale 450.000 i oppreising til dei etterlatne til mannen som omkom i ulykka, seier Refsnes.

Dei etterlatne er sambuaren og barnet til Olsen, samt begge foreldra hans.

Har fem dagar svarfrist

– Vi meiner at verksemda ikkje hadde tilstrekkelege rutinar for å forvisse seg om at ingen andre enn dei som hadde opplæring i å køyre dumparen, køyrde han, seier Refsnes.

Han understrekar at politiet ser alvorleg på saka.

– Når utfallet har vorte så tragisk som det har i denne ulykka her, så seier det seg sjølv at det er alvorleg, seier Refsnes.

Han legg til at det er viktig for politiet å markere at det er forbunde med eit stort ansvar å ha leiaroppgåver i ei verksemd som handterer maskiner forbunde med fare.

Førelegget kan ende i retten

– Det å køyre store, tunge maskiner er i seg sjølv forbunde med risiko. Det er viktig at både den tekniske tilstanden på maskinene er god, og at dei som handterer maskinene er kompetente. Så vi meiner det er ei ganske alvorleg sak, seier Refsnes.

Viss Grunn- og Fjellentreprenøren AS ikkje godtek førelegget, vert ho send til retten for endeleg avgjerd.

Dersom selskapet bestemmer seg for ikkje å vedta bota, aukar beløpet til 480.000 kroner dersom førelegget endar i retten.

Det har førebels ikkje lukkast NRK å komme i kontakt med dei to tiltalte i saka. Men til bt.no seier styremedlem og medeigar i selskapet, Svein Harald Hansen dette:

– Vi avviser alle krav, båte bota og økonomisk oppreising, seier Hansen til bt.no.