Hopp til innhold

Såg dumperen brase utfor vegen

– Du kjenner deg hjelpelaus når du står der og ikkje kan komme ned og hjelpe til, seier Eiliv Espeland (66) etter ulukka der ein dumper hamna i ei elv.

Sakna dumperførar funnen på E16.

KRITISK: Tilstanden er framleis kritisk for mannen som vart liggjande vel ein time under vatn då ein dumper brasa utfor E16 på Filefjell.

Foto: Privat

Ein 20 år gamal mann ligg kritisk skadd på Haukeland Universitetssykehus i Bergen etter at han onsdag følgde med dumparen utfor ein kring 15 meter høg skråning og ned i ei elv på Filefjell.

Yrkessjåfør Eiliv Espeland (66) frå Naustdal var på veg austover då han vart hjelpelaust vitne til ulukka.

– Eg kom opp på ei bein strekkje og såg noko forsvinne utfor autovernet og nedom vegen. Kollegaer sprang til å prøvde å få fatt i vedkommande. Eg ringde 113 og hadde kontakten med dei og politiet, fortel han.

– Makteslaus

Eiliv Espeland

KOM TIL: Eiliv Espeland køyrer for Transferd.

Foto: Privat

Ulukka skjedde kring klokka 14.30 i eit anleggsområde mellom Maristova og Smedalsosen.

Kollegaer av føraren kom raskt til, men arbeidet med å få mannen ut var vanskeleg. Førarhuset låg under vatn og i den iskalde elva brukte dei det dei hadde for hand for å bryte opp dørene. Etter vel ein time vart mannen henta ut.

– Du føler deg heilt makteslaus. Du får ikkje gjort noko, og han er inne i førarhuset. Det er det verste, seier Espeland.

Fortvilande

– Opplevde du situasjonen som kaotisk?

– Dei som jobba der nede var rolege, men dei var sjølvsagt fortvila all den tid dei ikkje kom seg ned til han.

Yrkessjåføren har køyrd lastebil sidan 1965. Han meiner ein aldri kan vere budd på slike ting.

– Ein opplever mykje på vegane, men det er ikkje slik at du sit og tenkjer på det, seier han.

Går igjennom ulukka

Kvifor dumparen brasa gjennom autovernet og ned skråninga, er førebels uvisst. Torsdag var Statens vegvesen sin havarikommisjon på staden på synfaring og gjennomførde ei rekkje målingar. Fredag skal Statens vegvesen og hovudentreprenør Mesta gå igjennom ulukka.

Alle på anlegget var onsdag kveld samla til debrifing på prosjektkontoret på Maristova.

– Ulukka i seg sjølv er alvorleg og vi håpar at den får ein god utgang for føraren av dumparen. Slike ulukker vil alltid prega arbeidsplassen då dei fleste kjenner kvarandre, seier Kjartan Hove, leiar for prosjektavdelinga i Statens vegvesen.

Redusert aktivitet

Odd Erik Haugen i Statens vegvesen seier anleggsarbeidet held fram med redusert aktivitet etter ulukka.

Mesta opplyser på sine nettsider at dumparen er tilhøyrande K.A. Aurstad AS som er hyra inn til å transportere massar på prosjektet.

Dumparen ligg slik til at ein må byggje veg ned til elva for å få den opp. Det vil truleg skje over helga.