Hopp til innhold

Difor er Moods-gründerane så glade for at dei gjekk feil...

Valet om å ta til høgre, og ikkje venstre, ein sommarmorgon i 2002 er eitt gutane i Moods of Norway kjem til å hugse for alltid. Slik vart dei nemleg proppa med sjølvtillit og tok fatt på det som har blitt eit moteeventyr av dei sjeldne.

Peder Børresen og Simen Staalnacke

FEIL MESSE: Peder Børresen og Simen Staalnacke kom i 2002 heim frå København fulle i sjølvtillit. Først år seinare fann dei ut at dei hadde gått på feil messe.

Foto: Steinarr Sommerset

– Takk og lov for at vi tok feil, flirer Peder Børresen og Simen Staalnacke når dei fortel om vegvalet dei gjorde for snart elleve år sidan.

For kanskje var det akkurat der rekka av heldige tilfeldigheiter starta for gründerane frå Stryn. Saman med Jan Egil Flo og svensken Stefan Dahlkvist kan dei fire no skilte med eit klesmerke som har gjort internasjonal suksess og som har blitt pensum på Harvard Business School.

Denne hausten kjem boka «Moods of Norway – Hvordan gjøre bestemor stolt», der kameratgjengen fortel om gründerskap og kreativitet.

– Kanskje kan vi inspirere andre, og kanskje kan boka vere med å gje folk den vesle dytten dei treng for å starte eit eventyr, seier Børresen og Staalnacke.

Valet om å ta til høgre, og ikkje venstre, ein sommarmorgon i 2002 er eitt gutta i Moods of Norway kjem til å hugse for alltid. Slik vart dei nemleg proppa med sjølvtillit og tok fatt på det som har blitt eit moteeventyr av dei sjeldne.

– Hardt arbeid og tilfeldigheiter

For det som har blitt eit eventyr for kameratgjengen frå Stryn starta i det små. I løpet av ti år har Moods of Norway gått frå ein ganske heilsprø ide på eit nachspiel til å bli ein suksess av dei sjeldne.

Berre i 2011 selde dei klede for nær 300 millionar kroner.

Skal ein klare det må ein leggje ned mykje hardt arbeid, men mykje har også vore tilfeldig fortel dei.

– Det er veldig mykje hardt arbeid. Dette er ikkje ein jobb, men ein livsstil som du lever 2 timar i døgnet, seier Staalnacke.

– Vi har fått mykje hjelp frå folk overalt, og det har vore ein del tilfeldig. Men ein må også ta tak i tilfeldigheitane og snu det til vår fordel, seier Børresen.

(Artikkelen held fram under biletet)

traktor

ROSA: Slike traktorar har blitt ein viktig del av varemerket til Moods of Norway.

Foto: Nina Kristiin Vraa / NRK

Reiste på feil messe

Ein av tilfeldigheitane som har fått mykje å seie for pågangsmotet til Moods-gutane går tilbake til 2002. Staalnacke og Børresen sette seg då på nattbussen til København for å gå på motemessa CPH Vision.

Der skulle dei sjekke ut den skandinaviske konkurransen. Men som det står i boka. Ting gjekk ikkje slik det skulle.

Simen og Peder hadde gått av nattbussen rett ved hovedinngangen den morgenen, men i stedet for å ta til venstre og gå inn hadde de miforstått, gått til høyre og tatt taxi videre til en mindre messe et helt annet sted i byen, der de hadde møtt en samling tradisjonelle grå dresser og slips.

Frå boka Moods of Norway - Hvordan gjøre bestemor stolt

– Vi såg på dei ulike standane og merka, og meinte vi verkeleg kunne vere eit friskt pust i forhold til dei. Vi meinte vi kunne skilje oss ut, fortel Staalnacke lattermild.

– Så vi reiste heim, fulle av sjølvtillit, men så viste det seg at vi ikkje hadde gått på feil messe. Hadde vi gått på rett messe hadde vi sikkert vore heilt knekte, ler han.

Men det var først fleire år etterpå at dei to skjønte at dei hadde gått på feil messe. Det var to messer i byen den dagen, ei for dei kule og trendy merka og ei for dei store kjedebutikkane.

Den dag i dag prisar moteskaparane seg lukkelege for at dei jobba vidare med den sjølvsikre kjensla dei hadde då dei kom heim.

– Takk og lov for det, flirer dei.

Klare for ti nye år

Dei karakteristiske kleda har fått innpass både på raude løparar i USA og hos folk flest i Bygde-Norge. I heimfylket Sogn og Fjordane er det mange stolte politikarar som kler seg i Moods of Norway.

– Det er bra, endeleg har vi fått nokre velkledde politikarar, ler Staalnacke og legg til:

– Det er veldig kjekt at vi har skapt klede som folk vil gå i.

Etter ein travel haust jobbar kameratgjengen no mot nye høgder. Dei har ikkje tenkt å gje seg. I sommar feira dei ti-års jubileum, sidan har det blitt lansering av både nytt vaffeljern og ny parfyme.

– Det vi synst er mest moro er å skape noko. Om det er nye butikkar, nye produkt eller nye arbeidsplassar.

– Vi har så mange gode og dårlege idear som vi vil setje ut i live, så vi er klare for ti nye år, gliser dei.