Hopp til innhold

Moods of Norway frir til New York

Etter eventyrleg suksess i Los Angeles vil Moods of Norway-gründerane no leggje New York for sine føter.

Simen Staalnacke

SUKSESS I STATANE: Simen Staalnacke og Moods of Norway er i ferd med å innta den amerikanske marknaden.

Foto: Sandra Mei Ling Noer / NRK

– Vi er akkurat no på leiting etter eit passande butikklokale, seier Simen Staalnacke i Moods of Norway til NTB.

Amerikanarane har lagt sin elsk på dei muntre og fargerike kleda til Staalnacke, Peder Børresen og Jan Egil Flo, som på få år har bygt opp motefirmaet til et internasjonalt design- og forretningseventyr.

– Har komme langt på to år

To år etter at Moods of Norway satsa i USA, peikar alle piler oppover. Selskapet har ein egen butikk i Los Angeles, og sel òg sine fargerike kolleksjonar i 60 uavhengige butikkar over heile USA – mellom anna i den store varehuskjeda Macy's.

Talet på utsalsstader har nesten fordobla seg på eitt år.

– Vi har komme lenger på to år her enn det vi gjorde i Norge, seier Staalnacke.

Får pris delt ut av kong Harald

Moods of Norway-merket blir meir og meir kjent i USA, og er samstundes ei god marknadsføring av Norge, som verksemda brukar svært aktivt i markedsføringa.

– Moods er vår lille baby. Vi er glade i landet vårt, og vi spelar på rotnorske verdiar. Det er moro at det fungerer i utlandet, seier Staalnacke.

Moods of Norway sin suksess i USA har ført til at Staalnacke og gründerkollegaene hans no får prisen «Trade Awards», som vert delt ut av Det norskamerikanske handelskammeret.

Prisen vert delt ut i New York torsdag av kong Harald og dronning Sonja. (©NTB)