Hopp til innhold

Moods-kopiering i Tyrkia

Moods of Norway får no erfara dei same problema som dei store kleskjedene i verda. – Det finst heilt grelle eksempel på kopiar som utnyttar vår merkevare, seier Hilde Eikenes Vik i Moods og Norway.

Moods of Norway-kopiar i butikk

Her er ein av butikkane som sel falske Moods of Norway-klede i norske turistområde i varmare strøk.

Foto: privat / Moods of Norway

Kopiering av merkevarer er ingen ny trend, og no får Strynbasserte Moods of Norway kjenna konsekvensane av aukande popularitet. Nyleg vart fleire Moods-kopiar funne i Rhodos, skriv avisa Fjordingen onsdag.

– Me jobbar no med å kartlegga kor stort dette problemet er, seier Eikenes Vik til NRK.

«Norske» område

I det siste har det dukka opp fleire kopiar av det populære klesmerket. Spesielt i turistområde i Tyrkia, der mange nordmenn som ferierer, er problemet aukande.

– Kvaliteten varierar veldig. Nokre av kopiane er nesten prikk like våre, medan andre er so ulike som det går an å få dei. Både fargebruk og design er heilt annleis enn slik me lagar våre klede, seier ho.

Moods of Norway vart etablerte i 2003, og i 2009 opna dei sin eigen butikk i Los Angeles, USA.

«Moods-ånd»

Eikenes Vik seier at Moods of Norway no er oppteken av å beskytta merkevara si.

– Me vil produsera kvalitetsklede i «Moods of Norway-ånd», og då er det lite triveleg med dårlege kopiar, seier ho.

Ho er bekymra for at kopiar kan skapa eit dårlegare inntrykk av Strynebedrifta.

– Eg reknar med at dei som kjøper desse plagga er klare over at det er kopiar. Men dei går gjerne med kleda heime, og andre folk ser kleda, og dei veit kanskje ikkje at det er kopiar og slik dei kan få eit dårleg inntrykk av Moods, seier ho.

Vil ha strengare reglar

Problemet er spesielt stort i Tyrkia, der det er ganske vanleg med billige kopiar av kjende merkevarer. Eikenes Vik etterlyser ein strengare politikk og strengare handheving av reglane når det kjem til kopiar.

– I Italia er det veldig strengt, og i Spania er utviklinga positiv. Det er ikkje det same fokuset på det i Noreg, seier ho.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.