Hopp til innhold

Dei er gode for ein halv milliard

Suksessen for Moods of Norway ser ikkje ut til å ville ha ein ende. No er klesselskapet til gründerane frå Stryn prisa til over ein halv milliard.

Moods 2013

EVENTYRLEG: Moods og Norway karane er gode for ein halv milliard. Her er dei under visninga si på Oslo Fashion Week tidlegare i år.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Det starta i det små for elleve år sidan, og har no blitt eit klesmerke som er kjent i både inn og utland.

Og det betyr pengar i kassa, gode pengar i kassa. Finansavisen skriv i dag at Moods of Norway er prisa til i underkant av 540 millionar kroner.

Med den enorme suksessen skriv dei norsk motehistorie, trendanalytikar Ståle Økland meiner dei bokstavleg talt dankar ut det som har vore av suksessar i norsk motehistorie frå før. Den som kjem nærast er Per Spook som viste fram haute couture i Paris på 1980-talet.

– Spook var high fashion, medan Moods of Norway har klart å nå ei breidde av befolkninga. Eg har stor respekt for det dei har fått til, seier han til Finansavisen.

Moods of Norway har opna fleire butikkar i USA, og vil i løpet av dei neste åra passere 20 butikkar i Norge og utlandet. I 2012 hadde dei eit driftsresultat før skatt på i overkant av 60 millionar, medan ein ventar at dette vil lande på over 80 millionar kroner i år, skriv Finansavisen.