Hopp til innhold

No har Moods of Norway opna sin andre butikk i USA

Før dei opna butikken gjekk Moods-gutane rundt kvartalet med tre sauer. På festen måtte alle gjestane bruke blonde parykk – slik markerte Moods of Norway opninga av sin nye butikk i New York.

Peder Børresen og Simen Staalnacke

NY BUTIKK: Peder Børresen og Simen Staalnacke gler seg stort etter at dei torsdag denne veka opna sine nye butikk i New York.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Det var stor stemning då Moods of Norway torsdag kveld opna sine andre butikk i USA, ein butikk i det kjente butikkstrøket Sohoi New York. Og som vanleg, når Moods-gutane skal vise fram seg sjølv og kleda sine, så blir det ikkje spart på detaljane.

I New York hadde gründerane frå Stryn invitert 600 gjester til ei butikkopning litt utanom det vanlege. Først gjekk gutane tur rundt kvartalet med tre sauer, før alle gjestane vart kledde opp i blonde parykkar.

– Alle skal ha blonde parykkar, sa Stefan Dahlquist i Moods of Norway til VGTV som var på plass under opninga.

Har leita lenge etter passande lokale

Det er no tre år sidan Moods of Norway begynte å satse i USA og sidan har det blitt opning av butikk i Los Angeles og dei fargerike kleda til stryningane blir no selde i rundt 60 butikkar.

Suksessen har ikkje lete vente på seg og gründerane har lenge leita etter lokale så dei kunne opne sin eigen butikk i New York. Då NRK snakka med Simen Staalnacke i fjor haust var han oppglødd over suksessen dei har hatt i USA.

– Vi har komme lenger på to år her enn vi gjorde i Norge, sa stryningen til NRK.no den gong.

Og no har dei altså endeleg funne dei lokala dei var ute etter. Midt i Soho, eit svært kjent strøk for shoppingglade, opna Moods of Norway denne veka sin nye butikk.

– Det er heilt utruleg. Vi har brukt to år på å finne lokale, seier Staalnacke til VGTV.

Skal vakse seg endå større

Han og kollegaene Stefan Dahlquist og Peder Børresen er overlykkelege over at dei no endeleg kan leggje New York for sine føter. Då gjer det liksom ikkje så mykje at husleiga ikkje akkurat er billeg.

– Vi har ein butikk på kvar kyst og no sel vi klede i 60 butikkar rundt om kring i USA, seier Børresen til VGTV og legg til at no skal dei vakse seg sakte men sikkert større.

Staalnacke fortel at dei har fått med seg ein sjef for satsinga i USA som tidlegare har jobba med store merke som Tommy Hilfiger og Ralph Lauren.

– Ideen er at vi går på dei trendy butikkane og dei store kjedene og kanskje opne fleire eigne butikkar, seier Staalnacke til VGTV.

Tidlegare i år fekk Moods of Norway æra av å vere med å lage OL-kolleksjonen for den norske troppen som reiste til OL i London.