Vegane er eit einaste stort kaos

Alle dei store vegane i Sogn og Fjordane er måndag kveld stengde på grunn av ras. Sjå heile lista her!

Mange stengde vegar i Sogn og Fjordane
Foto: Åse-Iren Løset

E39 ved Moskog mellom Førde og Skei vart måndag kveld stengd etter at det gjekk eit jordras på staden. E39 er også stengd ved Ålhus i Jølster på grunn av flom.

Frå før var også E16 ved Brekke bru mellom Vinje og Håbakken stengd på grunn av eit steinras.

Dermed er E134 over Haukeli einaste veg som er open mellom Oslo og Bergen, då også riksveg 7 over Hardangervidda er stengd.

Ekstrem fare for fleire ras

– Faren for jordskred er ekstrem, og ein må rekne med fleire ras i fylket i løpet av natta. Det er også fare for steinskred og utgliding av større steinblokker, seier geolog Svein Helge Frækaland i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane.

Han fortel at forholda er så spesielle at det er fare for ras der det vanlegvis ikkje går ras.

– Det er fare for å bli teken av ras, og for å bli sperra inne mellom ras. Eg har ei klar oppmoding om at folk bør halde seg i ro. La bilen stå i garasjen, seier Frækaland til NRK.no.

Også svært mange av riks- og fylkesvegane er stengde i uvêret, og politiet oppmodar folk om å halde seg heime.

Her er oversikten over dei stengde vegane i Sogn og Fjordane:

  • E16 Vinje - Håbakken, ved Brekke bru: Mellombels stengd på grunn av steinras. Blir ikkje opna i dag.
  • E39 Førde - Skei, ved Moskog: Mellombels stengd på grunn av jordras. Blir ikkje opna i dag.
  • E39 Førde - Skei, ved Ålhus: Mellombels stengd på grunn av flom.
  • Rv5 Sogndal - Skei, ved Kjørnes: Mellombels stengd på grunn av steinras. Blir ikkje opna i dag.
  • Rv13 Vikafjellet: Mellombels stengd på grunn av uvêr. Blir ikkje opna i dag.
  • Rv15 Strynefjellet: Mellombels stengd på grunn av uvêr.
  • Fv50 Hol - Aurland: Mellombels stengd på grunn av uvêr. Blir ikkje opna i dag.
  • Fv53 Tyin - Årdal, (Tyinosen - Årdal): Mellombels stengd på grunn av uvêr. Blir ikkje opna i dag.
  • Fv53 Årdalstangen - Fodnes: Mellombels stengd på grunn av steinras.
  • Fv55 Høyanger - Balestrand, (Høyanger - Nessane): Mellombels stengd på grunn av steinras. Blir ikkje opna i dag.
  • Fv55 Høyanger - Nordeide: Mellombels stengd på grunn av oversvømming.
  • Fv55 Balestrand - Dragsvik, ved Esefjorden: Mellombels stengd på grunn av jordras.
  • Fv92 Arnafjord (i Vik kommune): Mellombels stengd på grunn av jordras.
  • Fv241 Gudvangen - Bakka: Mellombels stengd på grunn av jordras.
  • Fv301 Farnes - Hjelle, ved Seimsdalen: Mellombels stengd på grunn av jordras.
  • Fv601 Langhuso - Undredal, ved Langhuso: Mellombels stengd på grunn av jordras.
  • Fv609 Hundsåna (i Askvoll kommune): Mellombels stengd på grunn av steinras. Blir ikkje opna i dag.
  • Fv615 Storebru - Hyen, (Hope - Hyen): Mellombels stengd på grunn av steinras. Blir ikkje opna i dag.
  • Fv616 Ferjesambandet Oldeide - Måløy: Innstilt på grunn av sterk vind.
  • Fv662 Eid - Torheim: Mellombels stengd på grunn av opprydningsarbeid. Blir ikkje opna i dag.

Dei fleste vegane er stengde som eit resultat av dei enorme nedbørsmengdene.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.