Hopp til innhold

Ambulansen stogga av uvêr

Ambulansen vart stogga av uvêret måndag kveld, og ein alvorleg sjuk pasient måtte fraktast med båt over Movatnet.

Ambulanse stogga av uvêr i Movika

VART STOGGA AV UVÊR: Ambulansen, til høgre i biletet, måtte rett og slett parkere i Movika på E39 med ein alvorleg sjuk pasient i bilen på grunn av stormen måndag.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

- Vegen er stengt på grunn av svært mykje vatn og ambulansen kom seg ingen veg, fortel Bernhard Øberg i brannetaten i Førde kommune.

Ingen andre alternativ

Måndag kveld måtte brannmannskap rykke ut til Movika like utanfor Førde på E39.

Ein ambulansen med ein alvorleg sjuk pasient kom seg ingen veg på grunn av dei enorme vassmengdene som kom med stormen.

- Å frakte pasienten med båt er den einaste måten vi kan få vedkommande fram til sjukehus på, fortel Øberg.

E39 overflaumd

For når vegen, E39, er stengt på grunn av stormen, er det ikkje andre alternative køyrevegar ned til Førde sentralsjukehus.

Dermed vart det rekvirert båt, og fleire mann hjalp til med å få pasienten over frå ambulansen til båten.