Hopp til innhold

Fleire tusen isolerte i Sogn

Over 5000 innbyggjarar i Årdal og 2300 innbyggjarar i Høyanger tettstad er no isolerte frå omverda. Om lag 50 personar er i ferd med å bli evakuerte på grunn av rasfare.

I heile Årdal kommune er avskoren frå omverda. Fylkesveg 53 Øvre Årdal - Tyin er stengd grunna uvêr, og i 22-tida vart også fylkesveg 53 Årdalstangen - Fodnes stengd grunna steinras.

I tillegg er 500 personar i Seimdalen isolerte frå resten av Årdals-samfunnet på grunn av vegstenging, etter at eit stort jord- og steinras sperrar fylkesveg 303 mellom Seimsdalen og Årdalstangen.

-Det har gått to ulike ras på på same staden. Det er om lag fem meter breitt og to meter høgt. Vi er no sperra inne og kjem oss ingen veg. Eg ser ikkje vekk frå at det kjem endå fleire ras i løpet av natta, seier Svein Åge Smedegård.

Evakuerer i Høyanger

Lenger ute i Sogn, i Høyanger er ein no i ferd med å evakuere eit bustadoområde. Ikkje før var heile Høyanger tettstad isolert, før det kom melding om ras i sjølve tettstaden.

– Vi har fått melding om i bustadområdet Sandvika aust for sentrum. Dette området kan vere rasutsett i periodar og vi har no fått ei uromelding som gjer at vi er i ferd med å evakuere om lag 50 personar inn til sentrum, opplyser ordførar Petter Sortland (Ap).

Innbyggjarane som blir evakuert, blir innlosjert på hotell.

Heilt isolerte

Samstundes er heile Høyanger tettstad med sine om lag 2300 innbygjarar avskoren frå omverda.

– Det har gått to jord og steinras som sperrar fylkesveg 50 i Lånefjorden i retning austover mot Balestrand. I tillegg har det gått ras ved Bergselvane, like vest for Nordeide. Dette stengjer dermed vegen vestover frå Høyanger, seier Sortland.

Full mobilisering

Ordføraren forsikrar om at alle førehandsreglar blir tatt.

– Kommunen sin kriseberedskap er sett i verk. Vi har vore samla på rådhuset sidan klokka 20.45 i kveld. Vi har sett i gang politi, brannvesen og kommunen sin beredskapstropp og Hydro. Så no er det full utrykking i Høyanger, seier ordføraren.

– Isolerte har vi fore før. Men det som har komme veldig akutt no, er altså dette med rasfaren internt i Høyanger tettstad. Så no i mørket kan vi ikkje seie å ha full kontroll, seier Sortland.

Også Vassenden er utan veg

I Jølster er innbyggjarane på Vassenden utan vegsamband til omverda natt til tysdag. E39 er stengd både nordover mot Skei, og sørover mot Førde. I tillegg stengjer ras vegen langs sørsida av Jølstravatnet.