Hopp til innhold

Politiet åtvarar: Oppmodar folk til å halde seg inne

For andre kvelden på rad oppmodar politiet innbyggarane i fylket til å halde seg innandørs.

Dagmar sine herjingar i Eid

HALD DEG HEIME: Politiet ber folk som ikkj treng å reise ut måndag kveld om å halde seg heime på grunn av vêret i Sogn og Fjordane. Her er stormen Dagmar i sving i Nordfjord.

Foto: Øystein Torheim

- Berre dei som abslolutt må, bør dra ut i kveld. Det beste rådet eg kan gje er å halde seg heime, seier vakthavande ved operasjonssentralen i Florø.

Søndag kveld og natt var det hovudsakleg sterk vind med orkan i kasta som skapte problem.

Måndag er ikkje vinden så sterk, men nedbøren er desto mykje kraftigare.

Det er meld enorme nedbørsmengder, og over store delar av fylket høljar det ned.

Status på vegane

Dette har ført til mange stengde vegar og svært stor rasfare.

Måndag kveld klokka 20.10 er statusen på vegane i fylket slik:

Stengde vegar i Sogn og Fjordane:

Fv 241 Gudvangen - Bakka. Stengt på grunn av jordras.

Fv 301 Farnes - Hjelle, ved Seimsdalen. Stengt på grunn av jordras.

Ev 16 Vinje - Håbakken, ved Brekke bru. Stengt på grunn av steinras.

Fv 615 Storebru - Hyen, (Hope - Hyen) Sogn og Fjordane Stengt på grunn av steinras. Vegen vert ikkje opna att måndag.

Ev 39 Førde - Skei. Ett felt stengt på grunn av opprydningsarbeid. Ved Ålhus.

Rv 13 Vikafjellet. Stengt på grunn av uvêr. Vegen vert ikkje opna att måndag.

Rv 15 Strynefjellet. Stengt på grunn av uvêr. Ny vurdering klokken 10:00.

Fv 50 Hol - Aurland. Stengt på grunn av uvêr. Vegen vert ikkje opna att måndag.

Fv 53 Tyin - Årdal, (Tyinosen - Årdal). Stengt på grunn av uvêr. Vegen vert ikkje opna att måndag.

Fv 55 Høyanger - Balestrand, (Høyanger - Nessane). Stengt på grunn av steinras. Vegen vert ikkje opna att måndag.

Fv 55 Høyanger - Nordeide. Stengt på grunn av flaum.

Fv 55 Balestrand - Dragsvik ved Esefjorden. Stengt på grunn av jordras.

Fv 601Langhuso - Undredal, ved Langhuso. stengt på grunn av jordras.

Fv 615Storebru - Hyen, (Hope - Hyen). Stengt på grunn av steinras. Vegen vert ikkje opna att måndag.

Og på fylkesveg 616 er ferjesambandet Oldeide - Måløy innstilt på grunn av sterk vind.

Ev 16Vinje - Håbakken, ved Brekke bru stengt på grunn av steinras.

På Ev 16Håbakken i Lærdal er det redusert framkost på vegen, men den er førebels open for ferdsel og på Ev 39 mellom Førde - Sande er det manuell dirigering ved Langelandsvatnet.

Sjå bileta frå Dagmar sine herjingar her: