Hopp til innhold

Vedvik med godt løp i Nederland

Marius Vedvik frå Førde vart nummer 17 under Warandeloop terrengløp i Nederland søndag. No trur han at han har kvalifisert seg til EM i terrengløp.

Marius Vedvik

TERRENGGUT: Marius Vedvik frå Førde vart nummer 17. i Nederland. (arkivfoto)

Foto: Vestpress

– Det gjekk ganske bra vil eg seie. Med 17. plass i dag mot ein 47. plass på same løpet i fjor, er jo det ei betring, seie Marius Vedvik etter løpet.

I alt 89 løparar deltok i terrengløpet.

Han fekk ein 5. plass i U23 klassen. Tida til Vedvik viste 31.34. Noko han er svært godt fornøgd med.

– I fjor sprang eg på 32.50, så eg sprang 1.20 minutt fortare i år, seier han.

Warandeloop er eit terrengløp i Tilburg i Nederland og fungerer òg som eit uttaksløp til EM i terrengløp som går i Budapest om to veker.

Vedvik seier han trur han kan vere sikra til løpet i Budapest etter dagens prestasjon.

– Eg måtte slå ein som låg framfor meg i nordisk terrengløp. No er eg 90 prosent sikker på at eg kvalifiserte meg til EM i dag.

Vedvik likte seg godt i terrengløypa i Nederland, no ventar nokre harde dagar for Førdeguten.

– Det er eit morosamt og variert terrengløp. No er eg på veg heim att til Norge. Der ventar tre eksamenar på seks dagar samtidig som eg skal trene til EM, fortel Vedvik som studerer psykologi ved Universitetet i Bergen.