Hopp til innhold

Vedvik tok NM-sølv i terrengløp

Marius Vedvik (21) tok NM-sølv i terrengløp i Levanger laurdag ettermiddag. Det vanka også ein ekstra bonus etter løpet.

Marius Vedvik

TOK SØLV: Marius Vedvik (t.v.) sprang inn til 2. plass under NM i dag.

Foto: Thore-Erik Thoresen/friidrett.no

Løpet gjekk i ti kilometer terreng der kvar runde var to kilometer. Tida til Marius Vedvik blei 33:37,6, noko som er seks sekund bak vinnartida.

Førdianaren som spring for bergenslaget Gular, er ikkje heilt nøgd etter dagens løp i seniorklassen. Dei første rundane var det tett i teten.

– Eg gjekk for gull og håpa på det. Ørjan Grønnevig som vann løpet, fekk ei luke på meg på fjerde runde, så då blei det sølv i dag, seier han.

Ei krevjande løype

10 kilometer i variert terreng blei ei stor utfordring for løparane i dag.

– Dette var ei tøff løype. Det var mykje gjørme, gras og bratte bakkar. Det var nok ei løype som favoriserer langrennsløparar.

Men han gjorde det likevel så bra i dag at han blei kvalifisert for nordisk i terrengløp på Island.

– Det var ein bra bonus, så no blir det tur til Island i starten av november.

Baneløpar som liker terreng best

21-åringen satsar mest på baneløp og held på med det frå mai til august. Men han er med på både terrengløp og motbakkeløp, for han likar variasjon.

– Baneløp er jo berre rundt og rundt. I terrengløp er det variert underlag, med motbakkar og nedoverbakkar. Det er også fleire som er med. Det er faktisk kjekkare med terreng enn bane, seier han.

Odd Anders Grimsbø frå Førde blei nummer 24 i dag. Han spring for Varegg Fleridrett.