Her prøver han å slå to rekordar på ein gong

Då Marius Vedvik (21) stod på startstreken laurdag føremiddag var målet klart: Han skulle slå to 35 år gamle noregsrekordar.

Created by InfoDispatcher

GAV ALT: Marius Vedvik gav jarnet for å slå Bjarne Huseklepp sine rekordar på ein times løp og 20.000 meter. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland

Men 21-åringen frå Førde klarte ikkje å slå dei to gamle rekordane til Bjarne Huseklepp på 20.000 meter og ein times løp.

Huseklepp sin rekord på ein times løp er 19.278 meter, på 20.000 meter vart han klokka inn til 1.02.18,4.

Rekorden står framleis, Vedvik var om lag eitt og eit halvt minutt unna å ta rekorden på 20.000 meter.

– Eg var nok for langt bak til å ta rekorden i dag, men eg skal prøve igjen til neste år. Eg kjem vel til å prøve heilt til eg klarar å ta han, ler Vedvik like etter målgang.

Låg 20 sekund bak etter ti kilometer

Men han hadde ganske lenge trua på at det skulle flaske seg under dagens løp.

– Eg opna bra første fem kilometrane. Då låg eg framfor skjema i forhold til rekorden. Dei første sju kilometrane hadde eg verkeleg trua. Men frå fem til ti kilometer, gjekk det litt saktare, seier Vedvik.

Etter ti kilometer låg han 20 sekund bak skjema, og då forstod han at det kom til å bli tøft å ta den 35 år gamle rekorden til Bjarne Huseklepp, både på ein times løp og på 20.000 meter.

– Derifrå og inn heldt eg i grunn same farten, utan å eigentleg ha sjanse på rekorden. Men eg er godt nøgd med løpet, og sprang mitt beste timesløp nokon gong, seier Vedvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Støtteapparat

ROSAR ARRANGEMENTET: Marius Vedvik hadde fleire støttespelarar på tribuna.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Gav aldri opp

Sjølv om han etter ti kilometer forstod at det kom til å bli tøft, gav han aldri opp.

– Eg gjorde mitt beste heile vegen, seier Vedvik.

Då han stod på startstreken, vart tanke å opne hardt, men kontrollert.

– Eg veit at det er veldig vanskeleg å auke farten siste halvdelen, så eg visste eg måtte ha litt å gå på til etter ti kilometer. Elles handlar det berre om å ta eit steg om gongen, og ikkje tenkje på kor mange rundar det er att, seier Vedvik.

Men han har ikkje mista trua på at han éin dag skal ta rekordane som framleis står etter 35 år.

– Eg er overbevist om at eg kjem til å ta rekorden ein eller annan dag. Viss eg held fram med treninga, og får vere skadefri, så kjem eg til å klare det. Men om det blir til neste år eller om tre år, det veit eg ikkje, seier Førde-guten.

Meiner forholda var optimale

På lista over rekordar han har lyst til å slå, er også Huseklepp sin rekord på 10.000 meter, samt rekorden til Svein Førde på 3000 meter.

– Men for å gjere det, må eg melde mellombels overgang til Førde. Eg veit ikkje om det vert til neste år, eller seinare, seier Vedvik.

Marius Vedvik

NØGD: Trass i at rekorden glapp med halvanna minutt, er Marius Vedvik godt nøgd med gjennomføringa.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

At regnet bøtta ned medan løpet gjekk føre seg, gjorde ingen ting for Vedvik.

– Eg tykte det var perfekte forhold. Det var litt dammar undervegs, men det gjorde meg ingenting. Eg likar mykje betre slike forhold, enn 20 grader og sol, seier Vedvik.

Trass i at han ikkje klarte å slå rekordane til Huseklepp i dag, har han ein god sesong bak seg. Han har persa på så å seie alle distansar.

– Det har stort sett vore bra, men eg har svikta i nokre veldig viktige løp der det har vore veldig varmt. Det har eg ikkje takla så godt, så det må eg bli betre på til neste sesong, seier Vedvik.

Må bli betre på å takle varme

Og for å bli betre til å takle varme, har han planar om å dra til Sør-Afrika for å trene.

– Eg dreg dit i slutten av desember og byrjinga av januar. Der blir det varmt, så det blir eit godt høve til å gjere noko med det, seier Vedvik.

Ungguten har nemleg som mål å delta i OL i Rio 2016. Og der kjem det til å bli varmt, om ein likar det eller ikkje. Då kan det vere greitt å vere førebudd.

– Ja, der blir det varmt, garantert, seier Vedvik.

Trass i at han ikkje har fått det heilt til i eit par konkurransar, har han persa på nesten alle distansar. Og eitt løp er han ekstra godt nøgd med.

– Eg har hatt ti løp som har vore gode løp. Eg er kanskje aller mest nøgd med NM i terrengløp, lang løype, der eg tok sølv. Det er nok det aller beste, seier han.

Ideen om å slå Huseklepp sine rekordar, som han prøvde seg på i dag, fekk han i august.

(Artikkelen held fram under biletet)

Marius Vedvik

OPPVARMING: 21-åringen gjer seg klar til rekordforsøket.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Rosar arrangementet

– Eg såg ikkje på det som så veldig realistisk, men eg ville gjere eit forsøk. Då har eg den erfaringa i botn, neste gong eg prøver, seier Vedvik.

Han rosar Atle Skrede og Førde friidrett for at dei gjorde til at det var mogleg å gjennomføre løpet.

– Dei har gjort ein kjempeinnsats, og det er eg svært takksam for, seier Vedvik.

Det var krav om tre deltakarar, og totalt var det fem som sprang i dag.

– Mellom anna var Terje Lyngstad med, og det var kjekt. Det var nok litt kort for han, i forhold til det han er van med, men eg trur han tykte det var kjekt, seier Vedvik.

Slo 5000-rekorden

I juli sprang Vedvik 5.000 meter, også den gongen med same mål, nemleg å få slege den 35 år gamle rekorden som Huseklepp hadde på også den distansen. Den gongen klarte han det – med ein hundredel.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bjarne Huseklepp og Marius Vedvik

KVEN ER RASKAST?: t.v.: Bjarte Huseklepp og Marius Vedvik

Foto: Alf Vidar Snæland

Starta for tre år sidan

Ein skulle kanskje tru at han har drive med langdistanseløp i mange år, men det er ikkje tilfellet.

Det var først i 2010, altså for knappe tre år sidan, at han vart hekta på å springe lenger enn dei fleste.

– Det er ganske nytt, ja. Men eg var veldig allsidig då eg var ung, seier Vedvik.

Han har mellom anna drive med langrenn, fotball, handball og badminton.

– Eg satsa mest på handball og fotball fram til eg var 18. Men i april 2010 vart eg med på eit løp i Florø. Då vann eg, og etter det har eg satsa på løping, seier Vedvik.

Har flytta grenser

Dagleg leiar i Sogn og Fjordane friidrettskrins, Narve Heggheim, er imponert over kva Vedvik har fått til.

– Han har flytta grenser når det gjeld langdistanseløping i Sogn og Fjordane. Det er alvorleg lenge sidan vi har hatt ein slik utøvar, seier Heggheim.

Han peikar på at Vedvik legg ned ei alvorleg stor treningsmengd, og at han neppe har fått utteljing for det heilt enno.

– Han set mykje i banken. Eg trur vi vil sjå at han spring tidene sine ytterlegare ned neste år. Han er villig til å gi det som trengst, og har hatt utruleg framgang. At han har eit talent for springing, er det ikkje tvil om, seier Heggheim.