Hopp til innhold

Berre ein hundredel skilte desse to - slo 35 år gammal rekord

Marius Vedvik har slått ein 35 år gammal krinsrekord på 5000 meter - med berre ein hundredel.

Marius Vedvik slo ein 35 år gammal rekord på 5000 meter.

SJÅ VIDEO: Ein spent rekordhaldar Bjarne Huseklepp følgde løpet til 21 år gamle Marius Vedvik. Foto: Alf Vidar Snæland.

Den gamle rekorden er frå 1978 og blei sett av Bjarne Huseklepp. I dag var tida inne for å prøve å slå den eldgamle rekorden. Og det klarte 21 år gamle Marius Vedvik frå Førde.

– Det gjekk, eg klarte det så vidt, seier han til NRK.no rett etter løpet.

Slo den med ein hundredel

Den nye tida blei berre ein hundredel betre enn den gamle rekorden frå 1978. Huseklepp brukte 14:29,3, medan tida på den nye rekorden er 14:29,29.

Marius Vedvik sprang dei 5000 metrane heilt åleine på Førde stadion i dag. Det gjer prestasjonen endå betre.

– Det er ein del tøffare å springe åleine enn i eit felt der du har nokon som dreg, seier han.

Bjarne Huseklepp frå Guddal i Fjaler hadde teke fri frå laksefiske for å få med seg rekordforsøket.

– Eg håper han klarer det, det er på tide at min rekord blir sletta, sa han rett før løpet.

Hadde stor heiagjeng

Det at Huseklepp var på stadion, gav ein ekstra motivasjon for Vedvik. Men også det at mange i familien og vener hadde teke turen til stadion for å heie på han.

– Eg stilte opp i dag for å klare rekorden, så eg hadde trua på at det skulle gå min veg. Eg har lagt opp treninga dei siste vekene for å setje ny krinsrekord.

Eigentleg skulle han sprunge 5000 meter i Gøteborg i dag, men fekk i siste liten vite at han ikkje fekk bli med. Dermed blei det rekordforsøk på stadion der friidretts-leikar gjekk av stabelen i dag. Han er stort sett nøgd med løpet.

– Det gjekk veldig bra dei første 3000 metrane, så blei det litt seigare mellom 3000 og 4000 meter. Men eg er veldig nøgd med dei siste tusen.

Endeleg kunne dei juble

Då Vedvik kasta seg over mållinja, kom Bjarne Huseklepp springande bort til han og sa han trudde rekorden var slått. Dei blei nokre lange sekund før dei begge kunne juble.

– Det å klare rekorden i eit sololøp, gjer prestasjonen endå betre, seier Huseklepp.

Går for rekordsommar

Vedvik spring til vanleg for idrettslaget Gular i Bergen. Men no i sommar har han meldt overgang til Førde for å sikre seg nokre krinsrekordar.

– På torsdag prøver eg meg på 1500 meter og søndag blir det 3000 meter. Eg skal også springe 5000 meter i Trondheim snart og reknar med å forbetre rekorden litt. Der skal eg springe i felt, og det vil nok hjelpe meg til å springe endå fortare.

– Kor kjekt var det å slå rekorden i dag?

– På ein skal frå ein til ti? Det må bli ein tiar, ler han.

Bjarne Huseklepp og Marius Vedvik

NY REKORD: Bjarne Huseklepp hadde den gamle rekorden i 30 år. No har Marius Vedvik slege den.

Foto: Alf Vidar Snæland