Hopp til innhold

I kveld stiller han med dei aller beste

Marius Vedvik er ikkje som dei andre langdistanseløparane i EM. Inntil for tre år sidan var han målvakt i handball og fotball. I dag spring han finale på 10.000 meter under EM i Zürich.

Marius Vedvik

STARTAR MED DEI BESTE: Marius Vedvik frå Førde stiller i kveld til start på 10.000 meter under EM i Zürich.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Dei siste vekene har han hatt base i Førde, og reist til konkurransar i Belgia, England, Nederland, Sverige og Danmark. I Førde har det vorte to treningsøkter til dagen. No er han klar når startskotet går klokka 19:50 i kveld.

– Eg er overraska over at eg er her, men samstundes er eg førebudd og har trent godt sidan januar, seier Marius Vedvik.

22-åringen frå Førde representerer til vanleg Gaular i Bergen og i Norge er Marius Vedvik heilt i eliten. For to år sidan debuterte han på 10.000 meter med tida 30.25. Tidlegare i sommar klarte han A-kravet til EM med tida 28.48. Målet hans i kveld er å bli blant dei fem til ti beste.

Sprang for å rekkje MacGyver

Løpskarrieren starta då han for fire år sidan litt tilfeldig blei med på løpet Rett Vest i Florø.

– Eg sprang på rundt 37 minutt og vann løpet.

Han fortel at før det, dreiv han med lagidrett og løping heim frå skulen for å rekke MacGyver på TV.

Framgangen kom raskt då han byrja å satse for fullt. I år har han forbetra 10.000 meter tida si med 75 sekund og brått var han på EM-laget.

På startstreken med verdsstjerne

I kveld står han side om side med dei beste løparane i verda. Tilsaman 24 løparar stiller til start, mellom anna superstjerna og dobbelt verdsmeister Mo Farah.

– Han er einaren i verda, så det er stort å stå ved sida av han. Men det viktigaste er fokusere på eigen prestasjon, seier Vedvik.

Du kan følgje EM i friidrett direkte i nett-TV på NRK.