Hopp til innhold

Søppelplukkaren skal til EM og konkurrere mot dei beste

Tidenes største norske friidrettstropp er no i ferd med å gjere dei siste førebuingane før EM i Sveits. Heile 10 utøvarar frå Hordaland og Sogn og Fjordane blir å finne i Zürich. For Marius Vedvik frå Førde er det ein draum som går i oppfylling.

Tidenes største norske friidrettstropp er no i ferd med å gjere dei siste førebuingane før EM i Sveits.Heile 10 utøvarar frå Hordaland og Sogn og Fjordane blir å finne i Zürich. For Marius Vedvik frå Førde er det ein draum som går i oppfylling

PERFEKT: Marius Vedvik er i rute og seier han har hatt ei perfekt opplading før EM i friidrett. Sjå TV-sak frå Vestlandsrevyen. Foto og redigering: Arne Stubhaug. Reporter: Vidar Gudvangen.

– No er det åtte dagar att og eg føler meg i veldig fin form og gler meg til å stå på startstreken, seier Vedvik.

Dei siste vekene har han hatt base i Førde, og reist til konkurransar i Belgia, England, Nederland, Sverige og Danmark. I Førde har det vorte to treningsøkter til dagen, med avslapping mellom. Og dei siste vekene har vore gode.

– No har eg vore aleine, medan familien har vore på campingtur i Frankrike. Så då har eg fått ro og fred i kropp og sjel, ler Vedvik.

– Eg har hatt ei veldig fin opplading. Perfekt opplading, eigentleg.

Budd på høgare nivå enn vanleg

I Noreg er Marius Vedvik heilt i eliten. 22-åringen frå Førde representerer til vanleg Gaular i Bergen. For to år sidan debuterte han på 10.000 meter med tida 30.25. Tidlegare i sumar klarte han A-kravet til EM med tida 28.48.

Berre sidan i fjor har han forbetra persen med 72 sekund. Likevel er han langt frå ein av favorittane på startstreken i EM i Zürich.

– Det blir eit heilt anna nivå. Eg har den 27. beste personlege rekorden av 28 løparar. Samstundes er eg den nest yngste løparen. Det vert tøft å hevde seg, men det er mange som er omtrent på same nivå. Eg skal springe så fort som mogleg, og ein veit aldri kva som skjer i meisterskap, seier Vedvik.

Men han har han justert målsettingane.

– Tidlegare sa eg at målet var topp ti. Men når eg no sjekka startlista og såg nivået, så er målet topp 20. Klarar eg det slår eg mange antatt betre utøvarar. Eg føler meg i stigande form, så det skal vere mogleg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Marius Vedvik

MEIR JUBEL? Vedvik trur det er lite sannsynleg med topplasseringar i EM, men kanskje får vi sjå han juble for ny personleg rekord og ein plass blant dei 20 beste?

Foto: Audun Braastad / NTB Scanpix

– Vi manglar gullkandidatane

Det unge talentet er nøgd med Noreg reiser med den største troppen til eit EM nokosinne.

– Det er moro at det er sopass bra breidde, ikkje minst på løp. På 10.000 er vi to, og det har vi ikkje vore på mange, mange år. Mange unge talent satsar. Det er mange under 25 år, og det lovar godt for norsk friidrett.

Vedvik meiner norsk friidrett har noko stort på gang. Karsten Warholm vart juniorverdsmeister i mangekamp i fjor. Henrik Ingebrigtsen har EM-gull og femteplass i OL. I tillegg har Andreas Thorkildsen, som no er ute med skade, vunne to OL-gull.

– Det er god breidde for tida, men vi manglar jo toppane. Sett vekk ifrå Henrik Ingebrigtsen er det ikkje mange som kan ta gull. Men i løpet av dei neste 4–5 åra, kanskje spesielt fram mot OL i Tokyo i 2020, kan det verte veldig bra.

Vedvik håpar å sjølv vere ein del av det som skal verte veldig bra.

– Du er 22 år no: Er det OL du jobbar mot?

– Ja, heilt klart. Frå eg var 20 år har eg hatt eit mål om OL. Det var eit veldig hårete mål då eg sette i gang, men no er det meir realistisk. Men OL om to år vert litt slik som no: Eg vil ikkje ha realistiske forventningar om ei plassering heilt i toppen. Men på sikt så vil eg prestere i OL og VM, med fleire år med trening.

– Bane er ikkje det kjekkaste

For han elskar trening. Det er treninga som driv han. Men han har ikkje satsa målbevisst på baneløp lenge.

– Eg trente kanskje endå meir då eg var yngre, men mykje meir variert: badminton, fotball, handball, langrenn. Frå eg var 19 har eg fokusert på springing.

Det er ikkje baneløp han likar aller best. Han driv terrengløp også.

–Terreng er meir variert: det er opp og ned, kupert, gjørme, gras og grus. Det er meir lystprega. Terreng er kjekkare. Men samstundes; det å vinne, sette løyperekordar, ta NM-gull, representere Noreg i EM og kanskje VM og OL, det driv meg kvar dag.

Det er det bane han satsar på.

– Det er meir målbart, og meir konkurranse. Men det er kjekt å springe i felt, kjekt når det går fort, og kjekt når du lukkast. Det er ikkje nødvendigvis så gøy å springe bane. Det er meir einsidig, og mindre lystprega.

Difor legg han mykje vekt på å variere, både for motivasjonen og for å halde seg frisk. Han seier at for mykje springing i flatt terreng vil gje ei monoton belastning.

– Spring ein meir kupert, vil kroppen få meir variert belastning, og det trur eg er viktig for å førebyggje skader. Eg har hatt veldig lite skader dei siste to åra, og ein grunn trur eg er at eg har sprunge mykje kupert terreng.

– Skulle gjerne representert Førde

Til dagleg bur, studerer og trenar Vedvik i Bergen. Han representerer klubben Gaular, og bur i Gaularhuset saman med 12 andre utøvarar. Han vert støtta av Arne Risa, som sjølv sprang i OL i 1968 og 1972.

– Eg er i eit godt miljø i Bergen. Det er veldig givande, og gir ein indre motivasjon som eg veit vert viktig for å halde på med idrett dei neste ti åra.

Dei har fellestreningar måndagar og onsdagar. Eigentleg laurdagar også, men då er Vedvik heime i Førde. Ein klubb han gjerne skulle representert.

– Men Førde friidrett har ikkje midlar til å dekke satsinga. Det tykkjer eg er frykteleg synd. Det har ikkje vore kultur for det, slik det har vore i Florø. Kjerpeseth får til dømes eit veldig godt tilbod der.

Øyvind Strømmen Kjerpeseth frå Florø skal også til EM, der han skal representere Noreg på 400 meter hekk.

Frå søppelplukking til EM

Tysdag kjem familien til Kjerpeset heim att.

Til trass for ro og fred i kropp og sjel dei siste vekene, er sosialt samvær noko han legg vekt på i innspurten mot EM.

– Det vert kjekt å sjå brør og foreldre att. Elles har eg kompisar eg kan slappe av med. Vi var på Peppes i går og åt pizza. Men det vert mindre tid til å vere sosial. Eg må prioritere trening og kvile.

Men sjølv ein landslagsløpar som skal til EM har sumarjobb. Vedvik har vikariert for broren som har vore i Frankrike. Kvar morgon mellom åtte og ni plukkar han søppel i Førde sentrum.

– Er det ein del av treninga?

– Nja, det er ein fin måte å starte dagen på. I staden for å springe med ein gong kan eg gå litt rundt. Og sekkane er tunge, veit du. Får litt styrketrening då, ler Vedvik.