Hopp til innhold

Om fem veker spring han i EM - då vil han inn blant topp ti

Langdistanseløparen Marius Vedvik (22) frå Førde både gler og gruar seg til EM i Zürich om fem veker. Der stiller han til start på 10.000 meter med dei beste løparane i Europa.

Marius Vedvik

VIL BLI BEST: Marius Vedvik drøymer om å bli blant dei beste langdistanseløparane i verda.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

– Eg gler meg veldig, og gruar meg litt også. Det er høgt nivå og ein stor meisterskap, seier Vedvik.

Men han er klar på at han må vere i god form for at det skal verte ei god oppleving, seier Vedvik.

– Viss eg spring like fort om i Nederland, så kjem eg på topp ti. Men du veit aldri korleis det vert i ein meisterskap. Men målet er blant dei 10–15 beste, seier Vedvik.

Kjekkare å konkurrere enn å trene

I Nederland sprang han på 28,48. Håpet er at han kan presse tida endå litt i Zürich.

– Eg tippar rundt 28,35 eller 28,40, seier Vedvik.

Han ser ikkje bort frå at han også stiller på 5.000 meter, sjølv om han framleis ikkje er kvalifisert.

– Det kan bli to løp viss eg ønskjer det sjølv. Men det er berre to dagar mellom 10.000 og 5.000, og det er eit dilemma, seier Vedvik.

Han er klar på at han tenkjer langsiktig om satsinga på langdistanseløp.

– Målet er å bli verdas beste. Det er eit hårete mål, men har ein sett seg hårete mål, så er sjansen større for å nå dei, seier Vedvik.

Han kombinerer idretten med studiar i Bergen. Men når han er ferdig med bachelorgraden sin i samanliknande politikk om to år, har han tenkt å ta fri for å satse berre på idretten.

– Eg tykkjer det er kjekkare å konkurrere enn å trene. I år har det gått veldig, veldig bra på alle løpa, og det er veldig motiverande, seier Vedvik.

Sprang så fort han kunne på fjelltoppar

Men at det av og til gjer vondt på trening, legg han ikkje skjul på.

– Det er i grunnen berre gøy å trene. Det er klart ein må gjennom smerte på intervall, men det går fort over. Døgnet har 24 timar. Då gjer det meg ingenting å ha vondt i to av dei, seier Vedvik.

Men han har slett ikkje alltid drive med springing. Tvert om dreiv han med mykje variert idrett opp gjennom oppveksten, mellom anna fotball og handball.

– Eg har alltid tykt det var kjekt å springe frå Slåttebakkane, der eg har vakse opp, og opp på Halbrendsnipa, Hafstadfjellet og Viefjellet. Då sprang eg så fort eg kunne, seier Vedvik.

For dei som har lyst til å teste seg sjølv, er Vedvik si tid per i dag frå Bruland og opp på Hafstadfjellet 27 minutt.

Vedvik var som ungdom aktiv i fleire idrettar, både handball og fotball. I tillegg selde han VG på søndagar, og når han var i tidsnaud framfor til dømes ein handballkamp, gjekk ruta unna i ein fart når han la beina på nakken.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

Blei spurt om å bli med på eit løp

Ein dag spurte ein nabo, som hadde sett han springe på fjellet, om ikkje han burde bli med på eit løp.

Vedvik takka ja og vart med på løp i Florø, eit løp han vann. Då var han biten av basillen.

– Etter det har det berre vorte meir og meir. Det var jo ei heilt ny oppleving, men det gav meirsmak, seier Vedvik.

I helga sette han ny norsk rekord på fem kilometer under Jølster Maraton med tida 14,02. Vedvik er svært godt nøgd med prestasjonen.

– Det er veldig moro å springe lokale løp, men det er veldig tøft, for ein må springe åleine. Frå ein kilometer og inn så var det veldig tøft å motivere seg mentalt til å halde oppe farten, seier Vedvik.

Då det stod att éin kilometer, klarte han likevel å hente ut det siste av krefter.

– Eg klarte å mobilisere og då var det berre å gje alt. Eg hadde både foreldre, besteforeldre og søsken som såg på, seier Vedvik.

Klokka stoppa etter ein halv kilometer

Han hadde ei klar målsetjing om ny rekord på distansen. I fjor var persen hans 14,35 på fem kilometer, og framfor løpet var han klar på at han burde klare å slå den, då forma i år er langt betre enn i fjor.

Men korleis han låg an undervegs, hadde han ikkje peiling på.

– Klokka mi stoppa etter ein halv kilometer, så då fekk eg ikkje følgje med på tida. Eg måtte berre springe så fort eg kunne. Men det kan godt hende eg hadde klart å presse endå meir viss eg hadde visst tida undervegs, seier Vedvik.

Sjølv om ei må ha eit sterkt fokus på jobben som skal gjerast, rekk ein å tenkje mykje når ein spring fleire kilometer i høgt tempo.

– Det handlar om å tenkje rett. Det er vondt, og det er periodar under løpet der ein har lyst til å gje seg. Det finst meir behagelege ting enn å springe tett oppunder syregrensa, seier Vedvik.

Då handlar det om å ta ein ting om gongen og halde fokus.

– Og så må ein tenkje på den gode kjensla når ein har passert målstreken, seier Vedvik.

Spring 14 økter i veka

Han har fokusert ekstra mykje på den mentale biten framfor årets sesong.

– Eg har sett meg inn i temaet og har fått sett det i system. Det har løfta meg inn i denne sesongen her, seier Vedvik.

Men det hjelper ikkje berre med mental trening – det fysiske er alfa og omega. Og det er ikkje få treningstimar Vedvik legg ned kvar veke.

– Normalt sett spring eg 14 økter i veka. Eg spring tre-fire harde økter og 10–11 rolege økter. Det blir opp mot 19 -20 mil i veka. Det er ein klar auke frå i fjor då eg låg på 12–13 mil i veka, seier Vedvik.

Det er ei medviten satsing å auke treningsmengda gradvis for å nå opp på eit nytt nivå.

– Skal ein hevde seg internasjonalt, må eg liggje på slike treningsmengder. 18–19 mil er eit minimum, seier Vedvik.

Han er nøye på å variere, både med tanke på slitasje, men også for at treninga ikkje skal verte einsformig.

– Eg spring litt på tredemølle, litt på asfalt, litt på grus og litt i terrenget. Eg prøver å variere både sko og underlag for å førebyggje skadar, seier Vedvik.

Han sleit ei stund med småskadar fleire stadar på grunn av for mykje springing på asfalt.

– Eg tok nokre grep og byrja å springe meir på grus og i kupert terreng. No er beina veldig fine, fortel Vedvik.