Hopp til innhold

Vart tvinga saman – no er ordførarane i Sogn einige om namn og kommunesenter

Etter knallharde forhandlingar mellom Sogndal, Leikanger og Balestrand er namnet på den nye kommunen no klart. Det vert Sogndal, men dei får ikkje i pose og sekk.

Harald Offerdal, Jarle Aarvoll, Jon Håkon Odd

SLÅTT SAMAN MED TVANG: Ordførarane (f.v.) Harald Offerdal (Balestrand), Jarle Aarvoll (Sogndal) og Jon Håkon Odd (Leikanger).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Vi har gjennom knallharde forhandlingar blitt einige om at kommunen skal heite Sogndal kommune. Tvangssamanslåing er eit dårleg utgangspunkt og det var vanskeleg forhandlingar, seier ordførar i Leikanger, Jon Håkon Odd.

I dag var siste forhandlingsdag om ein avtale for den nye kommunen, som regjeringspartia og Venstre har bestemt skal bli tvangssamanslått frå 01.01.2020.

Før forhandlingane starta har det vore knytt mest spenning til kva kommunen skal heite og kor kommunesenteret skal ligga.

I Sogndal og Balestrand var det fleirtal for samanslåing, medan Leikanger var imot.

Deling av maktforholdet

I forhold til plassering av kommunesenter og administrasjon vil det bli ei deling mellom kommunane.

Jon Håkon Odd

Leikanger-ordførar, Jon Håkon Odd.

Foto: Noralv Pedersen/NRK

– Sogndal skal vere kommunesenter og regionsenter for næring og tenesteyting. Den administrative delen, med ordførar, rådmann og kommunestyre skal vere i Leikanger, seier Odd.

Balestrand vert satsa på som regionsenter for den vestlege delen av kommunen. No skal avtalen opp til behandling i dei forskjellige kommunane sin kommunestyre.

Ingen er nøgde

22. juni skal Fylkesmannen kalle inn til eit felles kommunestyremøte. Der skal talet på medlemmar i fellesnemnda og det nye kommunestyret bestemmast. Slik det ser ut vil det vera fem frå Balestrand, fem frå Leikanger og ni frå Sogndal i fellesnemnda.

Jarle Aarvoll

Sogndal-ordførar, Jarle Aarvoll

Foto: Noralv Pedersen/NRK

– Vi har hatt mange utfordringar knytt til kommunenamn, kommunesenter og fellesnemnd, men eg føler vi har landa det på ein god måte, seier Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll.

Og leikangerordførar, Jon Håkon Odd er einig.

– Etter forhandlingane vart det sagt at dette er ein avtale som ingen er nøgde med. Det meiner eg er eit godt utgangspunkt. Her har alle gitt og tatt, seier Odd.

At namnet no vert Sogndal er det politikarane som har bestemt.

– Sett i ettertid kunne vi nok gjort ein grundigare jobb når det kjem til involvering av innbyggjarane i forhold til kommunenamn, seier Aarvoll.

Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med ordførar i Balestrand, Harald Offerdal.