Måndag ville politiet fengsle rumenarane i fire veker – onsdag vart dei sleppte fri

– Dette betyr ikkje at saka er lagt vekk, men eg legg til grunn at ein no i større grad er usikker på kven som er gjerningspersonar.

Kristine Bu og Stig Nybø

FENGSLINGSMØTE: Politiadvokat Kristine Bu (t.v.) seier at elektroniske spor viser at mennene som måndag vart fengsla for fleire innbrot truleg var andre stadar. Her står Bu saman med advokat Stig Nybø.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det seier advokat Ivar Blikra som representerer den eldste av rumenarane, ein mann i 30-åra, som natt til laurdag vart arresterte og sikta for å ha stått bak sju innbrot siste vekene .

Advokaten konstaterer at mistanken mot klienten hans er svekka.

Ivar Blikra

NØGD: – Min klient er glad for å kunne gå tilbake til arbeidet sitt. Han har forklart seg for politiet frå første stund, og vil bidra med opplysningar i den grad det er behov for det, seier forsvarar Ivar Blikra.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Eg konstaterer at min klient heile tida har sagt at han ikkje har hatt noko med dette å gjere. Forklaringa blir styrkt gjennom dei bevis som politiet har skaffa, seier han.

– Truleg på andre stadar

Politiadvokat Kristine Bu seier at omfattande etterforsking sidan fengslingsmøtet måndag gjer at politiet ikkje lenger ser behov for å halde mennene i varetekt.

Mellom anna har politiet sett på elektroniske spor som kan knyte, eller utelukke, mennene frå innbrota. Spora plasserer ikkje rumenarane på åstadane.

– Dei har truleg vore på ein annan stad enn på aktuelle åstadar, seier Bu.

– Betyr dette at mennene er utanfor mistanke?

– Vi må sjå nærare på funna vi har gjort før vi kan konkludere på det.

Kritiske til fengslinga

Både Blikra og forsvararen for mannen i 20-åra, advokat Stig Nybø, var kritiske til mengda bevis mot mennene som politiet la til grunn for fengslinga. Nybø gjekk lengst, og meinte at pågripinga bar preg av at politiet var under press .

Mennene har det politiet skildrar som jobbtilknyting til Sunnfjord.

– At mennene er sleppte fri i dag stadfestar det eg sa etter fengslingsmøtet; at politiet slo til for tidleg på bakgrunn av bevisa dei meinte å sitje med, er Nybø sin kommentar til lauslatinga.

Det har vore fleire innbrot etter at mennene vart arresterte. Politiet ser ikkje vekk frå at det kan vere samanheng mellom alle innbrota og held fram etterforskinga for fullt.

Tjuvegodset er framleis ikkje kome til rette.