Hopp til innhold

To arresterte, mistenkte for å stå bak seks innbrot

Politiet har arrestert to rumenske statsborgarar som dei mistenkjer for å stå bak seks innbrot i private bustadhus i Sunnfjord og indre Sogn dei siste dagane.

Gunnar Englund

INNSATSLEIAR: Politioverbetjent Gunnar Englund sette inn heile styrken sin i jakta på innbrotstjuvane.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Arrestasjonen skjedde i tretida natt til laurdag etter ei større jakt på innbrotstjuvane med fleire kontrollpostar og patruljar på vegane.

Dei tre første innbrota skjedde i Førde på tysdag og i Solvorn og på Hafslo i Luster torsdag. Etter innbrotet i Førde gjekk politiet fredag ettermiddag ut og etterlyste to menn. Berre få timar etter slo dei til igjen. Denne gongen i Flora kommune.

Vart stoppa av kontrollpost

Etter at dei siste meldingane tikka inn seint fredag kveld om tre nye innbrot i bustadhus i Florø og Eikefjord, vart alt tilgjengeleg mannskap i Sunnfjord og indre Sogn sett inn i jakta på innbrotstjuvane.

– Den taktikken gav resultat. Vi stoppa all trafikk, og i den eine bilen var det to menn. Vi undersøkte bilen, men måtte sleppe den vidare sjølv om magekjensla ikkje var god. Men i løpet av kort tid fekk vi meir informasjon frå den eine åstaden, og då var vi heilt sikre på at det var dei rette mennene. Då hivde vi oss rundt og patruljen i Sogndal klarte å fange dei opp, fortel innsatsleiar i Sunnfjord, politioverbetjent Gunnar Englund.

Vert framstilte for varetektsfengsling

Mennene, som er i 20- og 30-åra, vart tekne med til Førde der dei no sit i arresten. Englund seier at dei vil verte avhøyrde i løpet av søndag og framstilte for varetektsfengsling på måndag. Samstundes vil politiet undersøke bilen deira som og er teken med til Førde.

– Eg har berre snakka med den eine mannen, og han nektar for å ha noko med innbrota å gjere, seier Englund.

Han vil ikkje gå i detaljar om kva som knyter mennene til dei seks innbrota. Men innbrota har tydelege likskapstrekk. Alle er gjort i private bustadhus på dagtid, innbrota har skjedd på same måte og dei har rota mykje rundt i alle husa. Frå alle husa er det berre lett omsettelege ting som til dømes smykke som er stolne. Andre verdigjenstandar har dei late vere igjen.

– Vi har ikkje funne tjuvegods, men har gjort beslag i private eigendelar som tilhøyrer mennene, seier Englund.

Jobbar i området

Han fortel at arbeidet med å innhente informasjon vil halde fram med full styrke. Dette gjeld blant anna avhøyr av vitne og elektroniske spor. Mennene har ikkje fast bustad i fylket, men har det Englund kallar jobbtilknyting til Sunnfjord. I tillegg kan politiet knyte mennene til tre ulike adresser som vil verte undersøkte nærare.

– Vi ønskjer å kome i kontakt med personar som kan ha sett noko mistenkjeleg. Det vil seie informasjon om personar som ser ut som om dei går rundt og rekognoserer eller har informasjon som kan knytast til omsetnad av tjuvegodset.

Politiet kan førebels heller ikkje seie noko om det kan vere fleire som er involverte i innbrotsraidet. Men basert på erfaring frå tidlegare saker er det ofte fleire som involverte, spesielt i arbeidet med å få selt tjuvgodset.

– Opplevast forferdeleg

– Det spesielle med denne saka er at det er snakk om innbrot i private hus, noko som er ganske uvanleg. Det vert opplevd som ganske forferdeleg for dei som bur der. I tillegg er innbrota gjort på dag- og kveldstid då folk har vore ute ein kort periode, og dei kunne risikert å treffe på tjuvane når dei kom heim. Dette gjer det ekstra ille, seier Englund.

Englund veit ikkje om innbrotstjuvane har spana på husa, men han har stor forståing for at dei som bur der stiller seg det spørsmålet, og også opplever den tanken som ekkel.