Var aktuell for klubbar i Tsjekkia, Nederland, Hellas og Finland - no endar han i Belgia

VOLLEYBALL (NRK.no): Førde må klare seg utan nok ein nøkkespelar kommande sesong. No har Jonas Kvalen signert kontrakt med den belgiske toppklubben Puurs.

Jonas Kvalen

TIL BELGIA: Jonas Kvalen er nøgd med å ha skrive under for den ambisiøse belgiske toppklubben Puurs for den kommande sesongen. Han følgjer fleire viktige spelarar bort frå Førde framfor seriestart i Norge.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Eg er sikker på at eg vil få spele og trene på eit høgt nivå i Puurs. Eg skal utvikle meg vidare, seier Jonas Kvalen.

22-åringen signerte nyleg kontrakt med den belgiske toppklubben VC Argex Duvel Puurs. Neste veke reiser han til Belgia for proffspel komande sesong.

Til klubb med store ambisjonar

Puurs enda på femteplass i den belgiske toppdivisjonen Liga A sist sesong. Klubben er frå kommande sesong leia av den tidlegare tsjekkiske landslagstrenaren Stewart Bernard.

– Puurs har høge ambisjonar og har henta inn fleire nye spelarar frå inn- og utland. Eg er svært nøgd med å ha signert for dei, seier Kvalen.

Sist sesong vart sunnmøringen omskulert frå oppleggjar til angrepsspelar på grunn av ein skade i ein finger. Det enda med sølv med Førde i både serie og cup.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jonas Kvalen

ANGREP: Jonas Kvalen fekk ein fingerskade, og vart sist sesongn omskulert frå oppleggjar til angrepsspelar for Førde.

Foto: Rune Fossum / NRK

Førde har mista mange viktige

For to år sidan var han også proff, då han spelte i Polen - ein av verdas beste volleyballseriar.

– Belgia sin liga er ikkje heilt på høgde med Polen, men framleis ganske sterke. Målet mitt for sesongen er å få mykje speletid og å kvalifisere laget til semifinalen i sluttspelet, seier Kvalen.

Kvalen har vore rekna som ein av Førde sine nøkkelspelarar. No er han ferdig i klubben, og følgjer fleire andre viktige spelarar ut dørene på veg til proffspel i utlandet:

Frå før har Mathias Loftesnes og Lars Fredrik Tvinde bestemt seg for å satse vidare i utlandet. Lars Magnus Kaasa har flytta til Trondheim.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.