Hopp til innhold

Signerer for nystarta tsjekkisk toppklubb

Berre den medisinske testen står att før Mathias Loftesnes er klar for den nystarta tsjekkiske toppklubben CEZ Karlovarsko.

Mathias Loftesnes takkar publikum

NY KLUBB: Mathias Loftesnes går frå belgisk toppvolleyball til tsjekkisk toppvolleyball.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sogndølen er samd med tsjekkarane om ein eittårskontrakt og reiser neste måndag til sin nye arbeidsgjevar.

Klubben er heilt fersk, men med den tsjekkiske banken i ryggen er CEZ Karlovarsko i ferd med å bygge ny hall og hente inn profilerte spelarar.

– Dei har høge ambisjonar og satsar allereie i sitt første år å nå langt i den tsjekkiske toppserien, seier Mathias Loftesnes.

Oppdaga i EM

Det var ein av klubbeigarane som sjølv såg Loftesnes i EM-kvalifiseringa med Norge i Tsjekkia. Det norske mannskapet storspelte og tok seg vidare i kvalifiseringsspelet.

– Eigaren tok kontakt med det same, og sidan har vi hatt dialog. Vi vart samde om å gjere avtale førre veke, seier 24-åringen som i juli takka nei til forlenga kontrakt med belgiske Asse-Lennik.

Internasjonalt er Tsjekkia rangert som den 18. beste nasjonen. Til samanlikning er Belgia nummer 24 og Norge heilt nede på ein 96. plass.

Tsjekkia er representert med eitt lag i Meisterligaen, samt tre klubbar i dei andre europacupane.

– Tsjekkia har alltid vore ein god liga med høgt nivå. Dei har hatt veldig mange gode spelarar. Klubbar i Europa veit at det er ein god liga, så dette kan vere eit springbrett til noko større, seier Loftesnes og siktar til ligaer som Polen, Italia og Russland.

Vil utvikle seg

– Eg er trygg på at Tsjekkia er det rette valet. Det er eit steg oppover, held han fram.

CEZ Karlovarsko har allereie henta inn fleire gode spelarar. Mellom anna Venezuela sin kaptein i 2008-OL, Andy Rojas.

– Økonomien er ikkje grunnen til at eg reiser, men eg trur eg kan utvikle meg og ta steg i volleyballen, legg Loftesnes til.

– Satsar tungt

At klubben er heilt ny, tykkjer sogndølen er både interessant og spennande.

– Etter det eg har høyrt frå trenarar og eigarar, så satsar dei tungt med det same. Dei har verkeleg ambisjonar om å gjere det bra og eg er trygg på at det blir bra. Det er eit godt støtteapparat og eg gler meg til sesongstart, seier han.

– Kva om det ikkje skulle gå bra?

– Skulle vi vinne serien, så er det Meisterligaen neste sesong, og det er noko eg alltid har drøymt om. Då blir valet enkelt. Er det ikkje så bra som eg har høyrt, så er det greitt å knyte seg opp for eitt år.