Hopp til innhold

Førde er ute av gullkampen

Med to tap mot NTNUI og Kristiansund i helga er Førde volleyballklubb ute av gullkampen. – Det er vel så køyrt som det kan få blitt, seier ein skuffa kaptein, Lars Fredrik Tvinde.

Lars Fredrik Tvinde

SKUFFA: Kaptein Lars Fredrik Tvinde er skuffa over prestasjonane til laget i helgas to kampar. Arkivfoto.

Foto: Rune Fossum / NRK

Med fire kampar igjen av serien er det Nyborg frå Bergen som ruvar høgst på tabellen. Etter to tap i helga, først 2–3 mot NTNUI laurdag (23-25, 28-30, 26-24, 25-17, 13-15) og deretter 3–0 mot Kristiansund søndag (25-17, 25–16 og 25-18), må Førde innsjå at slaget om gullet er tapt.

– Det er jo kjedeleg, men det er ikkje noko meir å gjere med det. Når ein ikkje spelar betre, må ein berre heim og trene, seier kaptein Lars Fredrik Tvinde.

– Det svikta heilt

Under begge kampane opplever han at laget ikkje klarar å stå imot presset frå motstandarane.

– Vi har ikkje det servepresset som vi hadde til dømes mot Randaberg, som gjorde at vi fekk ein mykje enklare kamp då, og det klarte vi ikkje å få til i helga, seier Tvinde.

Han meiner spelet svikta fullstendig.

– I går klarte vi å presse dei etter kvart når vi kom til oss sjølv, men i dag berre svikta det heilt. Det er ingen som er seg sjølve, og det er rett og slett dårlege prestasjonar.

Ingen trøyst i andreplassen

Førebels ligg dei fire poeng under leiande Nyborg, og tre poeng over Randaberg. Men andreplass er ikkje ei trøyst.

– Andreplassen er ikkje den vi har lyst på. Men vi må berre kjempe dei siste kampane, og prøve å bli betre. Det er landslaget framover for fleire av oss og mange nye mål, så vi må berre kjempe vidare.

Men trass i at Tvinde meiner laget no må sjå framover, betyr ikkje det at helgas innsats har vore skuffande og at dei hadde eit håp om å avgjere serien i deira favør.

– Vi har vore outsiderar. Hadde vi fått full klaff kunne vi kanskje avgjort det i vår favør, men når vi ikkje presterer godt nok er det greitt at det ikkje blir slikt. Vi spelar ikkje god volleyball og då kan vi heller ikkje forvente å bli seriemeistrar. Vi får oppsummere det slik, seier han.

Mista fleire spelarar

Kapteinen trur ikkje det er gullpresset som er skuld i dei dårlege prestasjonane i helga.

– Vi har mista ein del spelarar, blant anna Jonas Kvalen, og trenaren vår, Marcin Lubiejewski, har jo skada seg. Så vi er utruleg sårbare om ikkje folk presterer på eit greitt nivå. Då er det ikkje så mykje å gjere.