Hopp til innhold

«Dritkjerring», «naut», «kvalmande»

Dette er berre nokre av karakteristikkane som har hagla mot varaordførar Laura Kvamme (Sp) frå Sogndal etter at ho kritiserte bomaksjonistane på Nord-Jæren.

Laura Kvamme i Fjærland

OVERRASKA: – Eg hadde ikkje sett føre med denne type angrep fordi eg kritiserer bompengeaksjonen på Nord-Jæren. Men eg tek meg ikkje nær av det, seier varaordførar i Sogndal, Laura Kvamme (Sp).

Foto: Bård Siem / NRK

– Dette er eit stygt angrep mot Kvamme. Ingen er tent med denne type debattklima når vi diskuterer bruk av bompengar, seier Per Arne Strand frå Byrkjelo.

Han er sjølv ein av dei som har punga ut store summar på bompengar. I tidsrommet 1996 til 2010 brukte han om lag 300.000 kroner på bompasseringar gjennom Fjærland i Sogn og Fjordane.

Per Arne Strand i bilen

OPPGITT: – Angrepet på Laura Kvamme stygt, seier Per Arne Strand frå Byrkjelo. Han har sjølv brukt 300.000 kroner på bompengar og synest ikkje synd dei som må betale bompengar på Nord-Jæren.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Aksjonistane på Nord-Jæren skadar si eiga sak når dei oppfører seg så stygt, seier Strand.

Dei mest ekstreme aksjonistane på Nord-Jæren har mellom anna gjort hærverk på fleire bomstasjonar og har nekta å godta innføringa av bomstasjonar.

Har ingen sympati

Kvamme, som er varaordførar for Senterpartiet i Sogndal, har ikkje sympati for aksjonistane. Til NRK i går viste ho mellom anna til at bilistane i Sogn og Fjordane har punga ut store summar på bomstasjonen. For å finansiere riksvegen frå Sogn og Sunnfjord gjennom Fjærland kosta kvar passering 180 kroner.

– Reaksjonane på Jæren høyrest voldsome ut. Dei er litt vanskeleg å forstå når folk i Sogn og Fjordane betalte 180 kroner kvar gong dei passerte, sa Kvamme mellom anna.

Utsegnene frå Kvamme har fått sinna i kok i Rogaland. Ho får gjennomgå i kommentarfelta på sosiale medium. Her ser vi ein av kommentarane på Facebook:

Regner med bygda fjernar den kvalmande ordføraren som har millionlønn og alt av transport gratis. Ho burde halde kjeft.

Sitat frå facebook

Grov språkbruk

Det som irriterer bompengemotstandarane ekstra mykje er at Kvamme sjølv hadde redusert pris då ho køyrde igjennom bommen. Alle som var folkeregistrert i vesle Fjærland, som før måtte bruke ferje for å kome seg sørover, slapp unna med eit årskort på 1500 kroner.

Her er noko av det som har vorte lagt ut på sosiale medium:

På tide å hive ut pakket frå topp til tå og få inn vanlege folk og folkeavstemmingar.

Sitat på facebook
Hets på nett frå bomaksjonistar. Fjærland
Foto: Skjermdump / Facebook.com

Kvamme hadde ikkje venta seg denne type reaksjonar.

– Reaksjonane er overraskande. Vi er ikkje vande til denne type oppførsel i Sogn og Fjordane. Det seier mykje om dei som kjem med slike utspel. Eg tek det ikkje inn over meg, seier ho.

Beklagar sjikane

Sigurd Sjursen, mannen bak Facebook-innlegget som sette fyr i bompengeopprøret på Nord-Jæren, beklagar at Kvamme har vorte utsett for sjikanerande meldingar.

– Dette støttar vi sjølvsagt ikkje. Vi støttar heller ikkje dei som gjer hærverk. Når det er sagt, så er det tydeleg at Kvamme og mange andre ikkje har forstått kva dette går ut på. Politikarar tener godt og greier ikkje å setje seg inn i korleis vanlege folk har det, seier han.

– Også andre må betale bompengar. Er det ikkje mykje sutring på Nord-Jæren?

– Nei, det er det ikkje. Folk over heile landet reagerer negativt på bompengar.

Sigurd Sjursen

AVVISER: Sigurd Sjursen, mannen bak Facebook-innlegget som sette fyr i bompengeopprøret på Nord-Jæren, avviser at folk på Nord-Jæren sutrar meir enn andre.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK