– Aksjonistane i Rogaland går langt over streken

FJÆRLAND (NRK): Per Arne Strand brukte om lag 300.000 kroner på å pendle gjennom det som var Noregs dyraste bomstasjon. Men han har ingen medkjensle med rogalendingane som no kjempar innbitne mot bomringane.

Per Arne Strand i bilen

IKKJE IMPONERT: Per Arne Strand brukte sjølv fleire hundre tusen på bompengar. Men han er kritisk til rogalendingane som kjempar mot bomringane på Jæren.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Frå 1996 til 2010 køyrde han gjennom bomstasjonen i Fjærland på veg til jobben som lærar på Sogndal vidaregåande skule. På det dyraste kosta bommen 180 kroner kvar veg, og sjølv med rabatt betalte Strand fleire hundre tusen kroner.

Han har inga forståing for dei iherdige aksjonistane som no står bak kampanjane mot dei nye bomringane på Jæren.

– Aksjonistane i Rogaland går langt over streken når dei går til sivil ulydnad for å stoppe bompengeprosjektet. Vi har demokrati i Noreg og også rogalendingar må godta lovleg fatta vedtak. Eg har ingen medkjensle med dei som aksjonerer. Dei går altfor langt, seier han til NRK.

Han forstår at ein kan vere frustrert over å måtte betale bompengar, men bompengar er ofte einaste måten å få skunda fram mange vegprosjekt, meiner den mangeårige pendlaren.

I fleire veker har det vore rasande protestar mot den nye bomringen på Nord-Jæren. Men i Sogn og Fjordane sit ein varaordførar og skakar på hovudet. I 16 år ut med store summar for å kunne finansiere riksveg 5 mellom Sogn og Sunnfjord.

Til slutt kosta kvar passering for ein bilist 180 kroner. Det svarar til 215 kroner i 2018-verdi. Også to andre prosjekt i Sogn og Fjordane hadde høvesvis høge bompengesatsar på 1990-talet.

– Ideelt sett burde staten betalt meir. Men åtte år etter at vegen er nedbetalt trur eg alle er nøgd med at vegen er her, seier varaordførar i Sogndal, Laura Kvamme (Sp).

Ho meiner bompengeopprøret på Nord-Jæren er overdrive.

Laura Kvamme

HER STOD BOMMEN: Kvamme har forståing for at folk kan bli frustrert når det kjem mange bommar på éin gong, men minner om at vedtaka er demokratisk gjort.

Foto: Bård Siem / NRK

– Reaksjonen høyrest veldige ut. Og den er litt vanskeleg å forstå når folk i Sogn og Fjordane betalte 180 kroner kvar gong dei passerte. For eg går ut ifrå at alle som protesterer i Rogaland også ønsker betre vegar og trafikkforhold?, seier Kvamme.

– Klaging

Ved lokalbutikken i Fjærland treff NRK på Andreas Kvalheim. Han har lite til overs for bompengeopprøret som spreier seg.

– Det å til dømes brenne bomstasjonar er noko i overkant, sjølv om eg forstår at ein kan bli sint. Hærverk er lite konstruktivt.

Sambygdingen Geir Ove Dvergsdal meiner det same.

– Dette er klaging. Folk i Rogaland må godta bompengar som alle andre stadar, meiner Dvergsdal.

Geir Ove Dvergsdal, Andreas Kvalheim

LITEN SYMPATI: Geir Ove Dvergsdal (i bilen) og Andreas Kvalheim har liten sympati for bomopprøret.

Foto: Bård Siem / NRK

– Ho har ikkje forstått

Sigurd Sjursen, mannen bak Facebook-innlegget som sette fyr i opprøret, meiner sogningane ikkje har skjønt årsaka til opprøret på Nord-Jæren.

– Vårt poeng er at bompengefinansiering rammar usosialt. Dei som har lite frå før, blir ramma mest. Det er ikkje alle som har like god økonomi som politikarane som vedtek bomstasjonane. Då er det mest rettferdig å finansiere vegane via skattesetelen, seier Sjursen.

Han meiner politikarane har levd i ei boble over lang tid og fått lov til å fatte bomvegvedtak utan at folk har brydd seg. Men at folk no seier at nok er nok.

– Politikarane tener godt og klarer i mange tilfelle ikkje å setje seg inn i vanlege folks kvardag. Me håpar dette opprøret held fram over heile landet, slik at politikarane skjønar at det må endringar til.

Sigurd Sjursen

STARTA OPPRØRET: Sigurd Sjursen frå Sandnes meiner politikarar som Laura Kvamme ikkje forstår kvifor folk reiser seg mot dei.

Ber folk akseptere

Varaordførar Kvamme seier ho forstår at mange nye vegbommar på ein gong fyller begeret for nokon, og har forståing for at bomfinansiering kan verke usosialt. Som busett Fjærland slapp ho sjølv unna med eit årskort på 1500 kroner. Ho vedgår at det ville vore problematisk å betale 180 kroner kvar gong fjærlendingane skulle til kommunesenteret.

– Men når folk får langt betre trafikale forhold, også for mjuke trafikantar, så synest eg det er vanskeleg å forstå reaksjonane.

– Kva er ditt bodskap til rogalendingane?

– Aksepter vedtaket. Sjå fordelen med vegprosjekta som kjem.

Noregs dyraste

Bilistane betalte bompengar på Fjærlandsvegen frå 1994 til 2010. Då hadde taksten for personbil stige frå 105 kroner i 1994 til 180 kroner i 2010, medan vogntog måtte betale 810 kroner for kvar passering siste året.

I alt betalte trafikantane over 700 millionar kroner i bompengar på dei vel 16 åra som bomstasjonen var i drift.