Hopp til innhold

Utelukkar ikkje fleire aksjonar i Vevring

– Det er enormt skuffande at den nye regjeringa ikkje vil stoppe sjødeponi i Førdefjorden, seier miljøpolitisk ansvarleg Tale Hammerø Ellingvåg i Rød Ungdom.

Aksjonerer på Engebøfjellet

AKSJONERTE: For to år sidan var det fleire aksjonistar som demonstrerte mot dumping i Førdefjorden.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Tale Ellingvåg

VIL KJEMPE: Tale Hammerø Ellingvåg i Rød Ungdom utelukkar ikkje nye aksjonar.

Foto: Tonje Sofie Eriksson / Natur og ungdom

Ellingvåg var ei av mange som aksjonerte og lenka seg fast i Vevring for to år sidan då prøveboringane starta. Ho utelukkar ikkje framtidige aksjonar.

– No er det fleire saker eg heller ville brukt tida mi på enn å bryte lova. Samstundes ser eg det som ein moglegheit til å komme tilbake til Vevring, så lenkene er klare dei om det skulle gå så langt, seier ho.

Meiner fjorden blir ofra

Onsdag fekk den nye klima- og miljøministeren Ola Elvestuen frå Venstre, krass kritikk frå politiske motstandarar.

For til Klassekampen sa han at dei no har gitt opp kampen mot utslepp av gruveavfall til Førdefjorden, men at det ikkje skal kome nye deponi i regjeringsperioden.

Tale Hammerø Ellingvåg i Rød Ungdom seier dei har hatt tru på Venstre sidan dei profilerer seg som eit miljøparti.

– Men det held ikkje med berre å vere grøn i valkampen. Det er ikkje for seint å stoppe denne saka, for selskapet har ikkje fått konsesjon til drift, seier ho.

Får støtte i Unge Venstre

Sondre Hansmark

UNGE VENSTRE: Leiar Sondre Hansmark vil ikkje ha sjødeponi.

Foto: Unge Venstre

Sjølv om ikkje ho får med seg dei godt vaksne i Venstre i kampen mot deponi, får ho støtte i Unge Venstre.

– Venstre har føreslege fleire gonger at dette må stoppast, men dessverre har vi eit gigantisk stortingsfleirtal som er mot å stoppe fjorddeponiet, seier leiar Sondre Hansmark i Unge Venstre.

– Alvorleg at Venstre har snudd

Nicholas Wilkinson, Stortingsrepresentant SV Akershus Helsekommiteen

FREMJA FORSLAG: Nicholas Wilkinson (SV) gjekk på talarstolen i dag.

Heller ikkje SV er nøgd med Venstre som seier at gruveprosjektet i Naustdal skal gå sin gang.

– Eg trur Venstre eigentleg er einig med SV om at dette er dumt, men så viser regjeringserklæringa at Venstre ikkje klarer å få gjennom politikk og blir overkøyrd av Frp gong på gong, seier stortingsrepresentant Nicholas Wilkinson (SV).

I dag gjekk han på talarstolen i Stortinget for å fremje forslag om å stoppe fjorddeponiet.

Wilkinson meiner Venstre har blitt lurt i denne saka.

– Dette viser korleis H og Frp har lurt Venstre. Det finns ikkje ein einaste søknad om nye sjødeponi i heile Norge.

Venstre: Nøgde med Jeløya-plattforma

Atle Hamar, Lotteritilsynet

DEPARTEMENTET: Statssekretær Atle Hamar (V) seier at vedtaket frå 2015 gjeld framleis.

Foto: Lotteritilsynet

I ein e-post til NRK skriv statssekretær Atle Hamar (V) i Klima- og miljødepartementet at Nordic Mining fekk løyve etter forureiningsliva til å utvinne mineralet rutil frå Engebøfjellet i Naustdal i juni 2015 og at dette vedtaket gjeld framleis.

– Miljøverknadane av gruveverksemda blei svært grundig vurdert etter forureiningslova og vurdert som miljømessig akseptable da løyvet blei gitt. Det er stilt strenge krav til overvaking og drifta vil bli nøye følgt opp av Miljødirektoratet. Det er ikkje gitt løyve til å bruke kjemikalie som inneheld miljøgifter. Vi er nøgde med at Jeløya-plattforma seier at det ikkje skal bli gitt nye utsleppsløyve til sjødeponi for gruveavfall i denne perioden.