Hopp til innhold

Nye gruveaksjonistar dømde i retten

No kjem dei første rundene med dommar, etter at ei ny gruppe med aksjonistar har møtt i retten for dei ulovlege demonstrasjonane på Engebøfjellet i fjor vinter.

Paroler på Engebøfjellet

DEMONSTRERTE: Gruveaksjonistane lenka seg fast og demonstrerte på Engebøfjellet. Dei ville syne motstand mot planane om eit fjorddeponi knytt til den planlagte gruveanlegget i Vevring i Naustdal.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Eg meiner eg har gjort det rette. Det var eit mindre overgrep å stanse arbeidet til Nordic Mining, enn det vil vere å øydeleggje Førdefjorden, seier Gaute Eiterjord.

Ti tusen kroner i bot er ni aksjonistar no dømde i Sogn og Fjordane tingrett til å betale. Om dei framleis nektar å betale bota, må dei i fengsel i tjue dagar.

Til saman var det meir enn 80 menneske som lenka seg fast i anleggsmaskinene på Engebøfjellet i fjor. Rundt 70 av dei nektar å godta bøtene dei fekk av politiet, og må no møte i tur og orden i tingretten.

Les også: Stortingsrepresentant må møte i retten

Aksjonerer

HINDRA ARBEIDET: Retten legg til grunn at Nordic Mining ASA har tapt opp mot 800 000 kroner på demonstrasjonane i fjor vinter. Det var under prøveboringa etter rutil at aksjonistane lenka seg fast i anleggsmaskinene.

Foto: Privat

Vil ikkje gå i fengsel

Så langt har ingen av aksjonistane som har blitt dømte i retten, nekta å betale bøtene. I fleire andre aksjonar, som til dømes Hardanger-aksjonen, har fleire aksjonistar vore villige til å gå i fengsel.

– Eg ser ikkje korleis det skal tene saka. No skal eg setje i gang med å betale bota. Det har eg vore førebudd på sidan eg bestemte meg for å vere med på desse aksjonane, seier Eiterjord.

Gaute Eiterjord, Natur og Ungdom

ANGRAR IKKJE: Gaute Eiterjord tykkjer det var verdt å demonstrere, sjølv om han no får ei bot for det.

Foto: Natur og Ungdom

Les også: Arresterte tre partileiarar for sivily ulydnad

Meiner det var viktig å møte

I tingretten hevda aksjonistane at dei var uskuldige, fordi Grunnlova sin paragraf 112 seier at «naturressursane skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter».

Retten var heilt usamd i det. Likvel tykkjer Eiterjord og dei andre aksjonistane at det var viktig å møte opp i retten og hevde sin urett.

– Dersom dette kan hindre 250 millionar tonn gruveslam i å bli dumpa i Førdefjorden, så er det ein liten pris å betale denne bota.

– Men du får vel ikkje hindra at det no skjer?

– Nei, men det kan vere eit bidrag til å løfte debatten om dette prosjektet.