Hopp til innhold

Elvestuen møter kraftig motstand på første dag

Den nye klima- og miljøministeren, Ola Elvestuen, får krass kritikk frå politiske motstandarar alt før han har fekk nøkkelen til sitt nye kontor.

Aksjon på Slottsplassen frå Natur og Ungdom

PROTESTERTE HØGLYTT: Representantar frå Natur og Ungdom markerte sin misnøye med Venstre sin nye politikk på Slottsplassen onsdag.

Foto: Eirin Torgersen

Til Klassekampen i dag seier Ola Elvestuen at dei no har gitt opp kampen mot utslepp av gruveavfall til Førdefjorden i Sogn og Fjordane.

– Vi har vorte samde om at det ikkje skal kome nye deponi i regjeringsperioden. Men for deponiet i Førdefjorden, står løyvet fast, seier Elvestuen til avisa.

Venstre har tidlegare støtta kampen mot Nordic Mining sine planar om gruvedrift i Engebøfjellet, og det vekkjer sterke reaksjonar at dei no snur.

– Eit klart løftebrot

– Eg må seie at eg er svært skuffa dersom Venstre no gir opp kampen for ein rein og rik Førdefjord. Det er det ingen grunn til. Føresetnadane for prosjektet har endra seg ganske kraftig sidan regjeringa gav klarsignal, seier Lars Haltbrekken, stortingsrepresentant for SV.

Han varslar no at SV kjem til å reise forslag i Stortinget om ny handsaming av det omstridde utsleppsløyvet sidan selskapet bak har varsla færre tilsette og fleire år med ope dagbrot i gruvefeltet.

– Dette er eit klart løftebrot. Venstre har sagt klart og tydeleg at dei aldri skal gje seg på kampen for Førdefjorden. Vi håpar dei snur, seier Haltbrekken.

Ola Elvestuen på Slottsplassen

HAR SNUDD: Ola Elvestuen (V) blir ny klima- og miljøminister i dag. Han møter ein vegg av kritikk fordi partiet har snudd i saka om utslepp til Førdefjorden.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

Ho trur partiet vil snu igjen

Silje Lundberg, leiar i Naturvernforbundet, var ein av dei som lenka seg fast i protest mot gruveplanane. Ho tykkjer det er vanskeleg å forstå at Venstre har snudd no når dei har fått plass i den nye blågrøne regjeringa.

– Eg vel å tru at Venstre kjem til å gjere alt i deira makt for å berge Førdefjorden og Repparfjorden. Dei har fått utsleppsløyve, men den endelege driftskonsesjonen er ikkje avgjort enda, seier Lundberg.

Atle Hamar (V), som kjem frå Jølster, nokre få mil frå det aktuelle gruvebrotet blir ny statssekretær i Klima- og miljødepartementet.

– Venstre var historisk imot gruvedrift og sjødeponi i Førdefjorden. I avrøystinga i Stortinget tapte vi saman med andre parti med ein sterk miljøprofil. No må vi halde oss til at det er gjeve eit løyve. Men det ligg i regjeringsplattformen at ingen nye sjødeponi blir godkjent framover, seier han til NRK.

Klare til å lenke seg fast igjen

Miljøpolitisk ansvarleg Tale Hammerø Ellingvåg i Rød Ungdom var også ein av dei som lenka seg fast mot gruvedeponiet i Førdefjorden, då som medlem i sentralstyret i Natur og Ungdom.

– Trine Skei Grande sa i 2015 om Førdefjorden: «Dette er en av de viktigste miljøsakene vi har ved siden av klimakampen. Man skal aldri, aldri, aldri gi seg i så viktige saker». No har Grande og Venstre likevel gitt opp kampen for Førdefjorden. Lenkene er klare til bruk igjen.