Hopp til innhold

Undersøker framleis brannen i Skatestraumtunnelen

– Den kraftigaste tunnelbrannen i Noreg, seier Statens Havarikommisjon for transport. Difor bruker dei ekstra lang tid på den endelege rapporten.

Brann i Skatestraumtunnelen

NOREGS KRAFTIGASTE: Brannen i Skatestraumtunnelen er den kraftigaste tunnelbrannen i Noreg. Derfor vil Statens Havarikommisjon for transport bruke over eit år på å undersøke ulukka.

Foto: Linda Christin Lilleskare / NRK

I dag er det nøyaktig eitt år sidan ein hengar lasta med over 16.000 liter bensin tok fyr inne i den nær to kilometer lange tunnelen.

Havarikommisjonen opplyser at dei jobbar med dei endelege analysane og konklusjonane, men at dei no har god oversikt over hendingsforløpet.

– Dette er den kraftigaste tunnelbrannen vi har hatt i Noreg, og vi bruker derfor god tid på å finne ut mest mogleg om hendinga. Det kan jo skje i gjen, seier Rolf Mellum i Statens Havarikommisjon for transport.

Slo hol i tank

Havarikommisjonen har tidlegare opplyst at stengene på draget til tilhengaren var svekte av innvendig rust. Dei held no fast på at dette var grunnen til at tilhengardraget braut saman, slik at tilhengaren losna frå tankbilen.

Hengarfestet som sleit då hengaren losna

RUST: Dette er tilhengardraget som losna og forårsaka tunnelbrannen. Tilhengaren vart godkjent av Statens vegvesen to og ein halv månad før ulukka.

Foto: Quirinus Adrichem

Tilhengaren som losna var 18 år gammal, og vart godkjend av Statens vegvesen to og ein halv månad før ulukka.

Då tilhengaren trefte tunnelveggen, vart det hol i éin av tankane på tilhengaren, og tilhengaren tok fyr. Brannen laga også hòl i alle tankromma på tilhengaren, og spreidde seg med rennande bensin 475 meter til botnen av tunnelen, både i vegbana og i avløpssystemet til tunnelen.

Tilhengaren og ein bil brann opp, men alle som var i tunnelen vart evakuerte, og ingen personar kom til skade.

Klare om to månader

Statens Havarikommisjonen for transport har enno ikkje undersøkt i detalj korleis bensinen tok fyr, og omstenda rundt spreiinga av brannen.

Målet med undersøkinga er å finne samanhengen mellom brannen, utforminga av tunnelen og risikoen knytt til transport av farleg gods i tunnelar. Den endelege rapporten vil vere klar om om lag to månader.