Hopp til innhold

Tilhengjar som losna og eksploderte var 18 år

Tilhengjaren som losna i Skatestraumtunnelen og skapte ein kraftig eksplosjon og brann var 18 år gammal.

Utbrend tankbilvogn

Tilhengjaren som losna og eksploderte var 18 år gammal. Det er usikkert kor gammalt tilhengjardraget er.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

– Vi jobbar no med å finne ut kven som har produsert tilhengjardraget som rauk inne i tunnelen. Når vi har funne ut av dette, vil vi gjennomføre ei metallurgisk undersøking av draget. På den måten håper vi å finne ut kvifor det har roke, seier Martin Visnes, inspektør i Havarikommisjonen.

Det var den 15. juli i år at ei tankvogn med 16.500 liter bensin hamna i fjellveggen i den undersjøiske Skatestraumtunnelen på fylkesveg 616 i Bremanger. Tankvogna eksploderte og brannen var enorm .

Dei som var i tunnelen kom seg heldigvis ut utan alvorlege skader.

Les også:

Registrert i 1997

Brann i Skatestraumtunnelen

Tankvogna med 16.500 liter bensin losna og eksploderte i Skatestraumtunnelen.

Foto: Linda Christin Lilleskare

Skatestraumtunnelen fekk enorme skader under eksplosjonen og den påfølgjande brannen . Det er venta at tunnelen vil vere stengd i eit halvt år .

Havarikommisjonen er no i full gang med å finne årsaka til uhellet . Sjølve tilhengaren er 18 år gammal.

– Tilhengaren vart registrert første gong i 1997, fortel Visnes.

Dersom det viser seg at tilhengjardraget er 18 år gammalt. Kva kommentar har du til det?

– I utgangspunktet bør det ikkje vere noko problem dersom det er halde ved like på ein skikkeleg måte, seier han.

Usikker på kor gammalt tilhengjardraget er

Det er selskapet Måløy Havneservice som eig tankvogna som losna og eksploderte. Dagleg leiar i selskapet, Bent Hammersvik, er usikker på kor gammalt tilhengjardraget er.

– Vi kjøpte den brukte tilhengjaren i 2012. Tilhengjaren er 18 år gammal, seier han.

– Er tilhengjardraget også 18 år gammalt?

– Det kan eg ikkje svare noko sikkert på. Men det som er sikkert er at hengjaren vart godkjend av Statens vegvesen så seint som 30. april i år. Då vart det ikkje funne noko gale ved hengjaren, seier Hammersvik.