Hopp til innhold

Ulike forklaringar på sørpeskred

Geologane har ulike forklaringar på kva som var årsaka til sørpeskredet som måndag kveld kravde to menneskeliv i Balestrand.

Ras i Balestrand

TO OMKOM: To personar omkom i det katastrofale raset ved Flesje i Balestrand. Geologane er usamde om kva som var årsaka til sørpeskredet.

Foto: Arve Uglum / NRK

Geologane har ulike forklaringar på kva som var årsaka til sørpeskredet som måndag kveld tok to menneskeliv i Balestrand, det skriv Bergens Tidende.

Både geologar frå Statens vegvesen, og geologar frå Norges Geotekniske Institutt gjorde undersøkingar av raset som sopte med seg eit bustadhus ved Fleste i Balestrand.

Meiner fleire snøskred demde opp elva

Men geologane har ulike forklaringar på kva som var årsaka til sørpeskredet.

Geologane frå vegvesenet meiner fleire mindre snøskred har demt seg opp i elva. Massane har deretter samla opp smeltevatn og regnvatn og til slutt losna, skriv avisa.

Dette førte til eit stort sørpeskred som kom nedover dalen i 80 kilometer i timen.

- Våte snømassar sklei ut

Geologane frå Norges Geotekniske Institutt (NGI) er derimot av ei anna oppfatning.

Dei meiner det tjukkesnølaget som har lege i det flatare området rundt elva har blitt gjennomvått, og så glidd ut. Dei trur ikkje som geologane frå vegvesenet at det har gått eit snøras.

- Vi kan ikkje sjå vekk frå det, men vi såg ikkje spor etter eit slikt skred, seier Ulrik Domaas i NGI til Bergens Tidende.

(Artikkelen held fram under biletet)

Huset i Balestrand som vart tatt av ras

FØR OG ETTER: Huset var sopt vekk av det enorme sørpeskredet måndag kveld.

Foto: Fjellanger Widerøe/NRK

Fronten kan ha vore seks meter høg

At det var store krefter i sving er nok ingen usamde om. Då sørpeskredet kom var det som ei flodbølgje av snø, vatn, is, jord, stein og tre som kom i ei veldig fart.

Ifølgje geologane frå vegvesenet kan skredfronten ha vore så høg som seks meter. Sambuarparet i bustadhuset var sjanselause då skredet kom utan forvarsel.

Usamde om tidspunkt for vegopning

Dei ulike vurderingane av kva som utløyste skredet, gjorde også til at geologane var usamde i kor tid fylkesveg 55 kunne opne att, skriv Bergens Tidende.

Vegvesenet meinte det var trygt og opne vegen onsdag, medan geologane frå NGI var meir skeptiske til dette. Dei meinte det endå låg att store snømassar rundt elvelaupet lengre inne i dalen, som kunne kome til å rase ut.

NGI arbeider no med ein rapport om hendinga. Dei håpar å kunne levere den til Balestrand kommune innan eit par veker.