Hopp til innhold

Rasulykka kan få etterspel for kommunen

Det kan bli aktuelt for forsikringsselskap å krevje kommunen for pengar etter rasulykka i Flesje i Balestrand.

Ras i Balestrand

KNUST: Eit bustadhus i Balestrand vart knust av naturkreftene måndag kveld.

Foto: Arve Uglum / NRK

Måndag kveld vart eit bustadhus knust av eit ras i den vesle kommunen med knappe 1300 innbyggjarar. To personar vart drepne i raset. Berre grunnmuren til huset står igjen.

Forsikringsselskapet Tryg seier dei normalt dekkjer skader i slike saker, men at det kan bli aktuelt å krevje at Balestrand kommune dekkjer delar av erstatningssummen. Det skriv Bergens Tidende.

NGI: – Kommunen kan ha brote lova

Huset i Flesje vart bygd i 1990, og det var Balestrand kommune som gav byggjeløyve.

Fem år tidlegare fekk landets kommunar ansvaret for bustadområdet, og det vart stilt krav til undersøking og sikring mot ras gjennom plan- og bygningslova, skriv Bergens Tidende.

NETT-TV: To omkom i ras

Video Begge personane er funne

NETT-TV: NRK Dagsrevyen 22. mars 2011.

Senioringeniør Kjetil Brattlien ved Norges Geoetekniske Institutt (NGI) er varsam med å kommentere saka i Balestrand der to mista livet.

– Eg er ikkje jurist, men ting kan tyde på at kommunen i dette tilfellet ikkje har innfridd krava i lovverket, seier Brattlien til Bergens Tidende.

Kommunen: – Vi har ikkje gjort noko gale

Ordførarar Einar Målsnes (H) seier til avisa at kommunen ikkje har gjort noko gale i høve til byggjeløyvet dei gav for drygt 20 år sidan.

– Det fanst ingen opplysningar om at dette var ein rasutsett plass. Vi har byggjesaka i vår arkiv, og kan dokumentere dette, seier ordføraren til avisa.