Hopp til innhold

Ingen veit kven som skal ta rekninga for rasutsette hus

Dersom tusenvis av eldre hus viser seg å vere rasutsette, er det ingen som veit kven som skal ta rekninga.

Denne veka vart eit bustadhus tatt av ras i Balestrand, og eit sambuarpar mista livet.

I framtida kan styresmaktene kome til å kartlegge alle rasutsette hus i Norge, men ingen vil betale dersom det må gjerast rassikring.

KS i Sogn og Fjordane krev at staten kjem med friske midlar til formålet.

Brukte millionar frå eiga lomme

I Skjerdalen i Gloppen har Jens Skjerdal blitt tvinga til å bruke fleire millionar kroner på å sikre garden sin mot ras. Frustrasjonen ligg tjukt under huda etter å ha opplevd tre år med store økonomiske utlegg.

Hausten 2007 gjekk elva forbi garden og over sine breidder og truga med å ta huset til sonen på fjorden.

– Det har kosta nærare tre millionar kroner å sikre den rasutsette elva, seier Skjerdal.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Lang kamp om midlar

DYRT: Ingen vil ta rekninga for flaum- og rassikring. I Gloppen måtte ein familie betale millionbeløp for å sikra garden mot flaum.

Skjerdal har mista trua på styresmaktene etter hendinga i 2007. Flaumskadene garden fekk vart taksert til nærare fire millionar kroner, men Naturskadefondet gjekk til rettsak og fekk ned erstatningsbeløpet til 2,2 millionar.

Prislappen viste seg likevel å bli langt høgare og Skjerdal måtte i tillegg betale mykje for å rassikre elve for framtida.

Skjerdal som er bonde, småkrafteigar og eigar av eit settefiskanlegg har ein økonomi som har tålt smellen, men lurer på kva andre skulle gjort om dei fekk rekninga.

– Det er mange som rett og slett ikkje hadde klart det, seier Skjerdal.

– Vi veit ikkje kven som må betale

Huset som vart sopt på elva i Balestrand var frå 1990 og ville neppe fått byggeløyve med dagens strenge regelverk til rassikring. Over heile landet fins det liknande døme på rasutsette hus som ikkje ville blitt bygd i dag.

Frå og med i år vil truleg den nye sivilbeskyttelseslova tre i kraft. Styresmaktene vurderer då om kommunane skal påleggast å kartlegge alle rasutsette husvere.

Men fylkesberedskapsjef Haavard Stensvand i Sogn og Fjordane veit ikkje kven som skal ta rekninga for å sikre dersom ein geolog seier eit hus er rasutsett.

– Vi veit ikkje om det er grunneigar som må betale eller om dei kan forvente å få pengar frå det offentlege, seier fylkesberedskapssjefen.

Stensvand har ansvar for beredskap i eitt av landets mest rasutsette fylke. Han trur at uavhengig av kven som skal ta rekninga så hastar det å få kartlagt kva hus som kan verte tekne av ras.

– Vi må aldri komme i den situasjonen der vi må seie nei til å skaffe oss naudsynt kunnskap fordi vi er redde for at det skal koste pengar på eitt eller anna tidspunkt, seier Stensvand.

(Artikkelen held fram under biletet)

Huset i Balestrand som vart tatt av ras

KNUST: Huset ved Flesje i Balestrand vart knust av raset måndag. Huset hadde neppe blitt bygd i dag.

Foto: Fjellanger Widerøe/NRK

– Vi må prioritere

Det er Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) som har ansvaret for å førehandsikre busetnad mot ei elv sine voldomme krefter.

Sjefsingeniør Inge Lavoll vil ikkje kommentere saka til Skjerdal spesielt, men seier at hovudregelen er at grunneigar berre skal betale 20 prosent av prislappen for å sikre seg. Men satsen kan variere.

Det er også slik at NVE må prioritere og det er langt frå alle som søkjer som får hjelp:

– Ja, det er det desverre. Vi må jobbe innanfor dei rammene vi har, og så lenge dei er gitt, må det prioritering til. Det er dei stadane med størst risiko som blir prioriterte, seier Lavoll.

NETT-TV: Mange hus står utrygt

Video Mange hus står utrygt

NETT-TV: Mange hus står utrygt rundt om i landet.