Hopp til innhold

Rasstengd veg opnar i ettermiddag

Fylkesveg 55 ved Flesje i Balestrand opnar for trafikk klokka 16 i ettermiddag.

Rydding av fylkesveg 55 etter raset i Balestrand

OPPRYDDING: Fylkesveg 55 ved Flesje i Balestrand blir rydda etter raset som kom måndag kveld.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Vegen har vore stengt sidan måndag kveld etter at det gjekk eit sørpe- og jordskred ved Flesje i Balestrand.

Eit hus blei teke av skredet og eit sambuarpar i 50-åra blei meldt sakna. Stor rasfare gjorde redningsarbeidet svært vanskeleg. Tydag blei sambuarparet funne omkomne .

Det har pågått oppryddingsarbeid i heile dag på vegen. 22 personar er framleis evakuerte etter fleire ras og rasfare. Dei får ikkje flytte heim i dag.

Fylkes 55 ved Esebotn i Balestrand blir ikkje opna i dag på grunn av rasfare. I 15-tida var 19 vegar stengde i fylket, og dei fleste vegsamband mellom aust og vest er uframkomelege i dag.

Video Sjå bileta frpå helikopteret

SJÅ VIDEO: Slik ser det ut etter skredet som kom ned fjellsida.

Video Begge personane er funne

SJÅ TV_SAKA: Sambuarparet omkom då skredet tok huset deira.