Hopp til innhold

Vil vekk frå Sogndal – men uvisst om det skjer før sommaren

Både Sogndal Fotball og Gustav Valsvik sin agent jobbar for å selje vikjen frå klubben, men så langt har ingen lukkast.

Gustav Valsvik

VIL VEKK: Gustav Valsvik kjenner seg klar for nye utfordringar, men er framleis ikkje seld til ein ny klubb.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Det er berre 92 dagar til seriestart, og måndag hadde Sogndal første trening etter jule- og nyttårshelga.

Men på sidelinja stod ein småskada Gustav Valsvik. Ein liten smell i kneet gjer at han stod over første trening i 2014. Men spenninga knyter seg til om Valsvik kjem til å halde fram i den svarte og kvite trøya denne sesongen, eller ikkje.

– Vi får sjå kva som skjer. Akkurat no er eg Sogndal-spelar, seier Gustav Valsvik.

Har lyst til å ta eit steg vidare

Vikjen har spelt 73 kampar for Sogndal sidan 2010. Kontrakten med klubben går ut i desember. Men han vil helst vekk før det.

– Klubben jobbar for at eg skal verte seld, og agenten min jobbar for det. Men du veit aldri kva som skjer. Det kan fort hende at eg er Sogndal-spelar, seier Valsvik.

– Kva ønskjer du sjølv?

– Eg har lyst til å ta eit steg vidare. Om det skjer no eller til sommaren eller etter sesongen, det får vi sjå. Men det kan fort skje no, seier Valsvik.

Det er dei som bør heie på ei rask avklaring. Skal moderklubben til 20-åringen, Vik, få noko av overgangssummen, må Valsvik bli selt før toårskontrakten går ut.

– Det er sjølvsagt viktig at moderklubben min får pengar. Det er kjekt å få gitt litt tilbake, både til Sogndal og til moderklubben, seier Valsvik.

Kan også ende med Sogndal-kontrakt

Men dess lenger tid det går, dess mindre er sjansane for at det ramlar pengar inn på kontoen til Vik når Valsvik byter klubb.

– Det kan fort skje at eg går i sommar, og då vert det ikkje så mykje. Men det kan også fort hende at eg skriv kontrakt her også, viss eg ikkje vert seld i sommar, seier Valsvik.

Ein viss prosent av kjøpesummen som kan vere kjærkomne pengar i klubbkassa til Vik. Men Valsvik sjølv veit ikkje kvar han eventuelt kan ende opp.

– Eg veit i grunn svært lite. Det er agenten min som har kontroll på det. Men eg veit at det har vore litt interesse både frå inn- og utland før i år og tidlegare år. Eg veit ikkje kva som er aktuelt no, seier Valsvik.

Ser på moglegheitene

Sportsleg leiar Håvard Flo har no 22 spelarar på kontrakt, fire færre enn i fjor.

– Det ser veldig bra ut. No er det første trening etter nyttår, så det blir artig å køyre på framover, seier Flo.

Men noko klart svar på kva som er statusen til Valsvik, med tanke på eit eventuelt sal, har han ikkje.

– Vi ser på moglegheita til at han kan få gå til nye og større oppgåver. Det er ein prosess som går, så får vi sjå etter kvart, kva statusen vert på det, seier Flo.