NRK Meny
Normal

Valsvik signerte ny SIL-kontrakt

Gustav Valsvik har teikna ny kontrakt med Sogndal.

Gustav Valsvik signerte toårskontrakt

KLAR FOR TO NYE ÅR: Gustav Valsvik held fram i to nye år i Sogndal.

Foto: Arve Uglum / NRK

Gustav Valsvik har bestemt seg for å forlenge kontrakten med Sogndal. Det kom fram på ein pressekonferanse på Fosshaugane Campus tysdag.

– Eg er veldig glad for at Gustav forlenga. Han er eit stort talent, og så er han frå fylket også, seier trenar Jonas Olsson.

Sogndal Fotball og Gustav Valsvik vart måndag kveld samde om ein toårskontrakt.

– Gustav har teke store steg i løpet av sesongen. Kanskje er han den som har vore mest stabil av alle spelarane. Han danna saman med Hannu Patroren eit veldig bra midtstopparpar, seier trenaren.

Sogndal er veldig godt nøgde

Den gamle kontrakten til den 19 år gamle midstopparen skulle gå ut ved nyttår, og etter at kontraktsforhandlingane med Sogndal braut saman i sommar hadde han fram til tysdag ikkje signert nokon ny.

Samtidig har Valsvik vorte kobla til norske klubbar som Molde og Start via ryktebørsen, i tillegg til at han nyleg har vore på treningsopphald i den engelske 1. divisjonsklubben Nottingham Forest.

– Vi er kjempefornøgde. I løpet av det siste halvåret har vi hatt samtalar om framtida til Gustav. Han har vore litt avventande, men desto meir gledeleg vart det då me vart einige, seier Håvard Flo til sogndalfotball.no.

Var ein viktig brikke på laget

– Eg synest Gustav har gjort eit bra valg, der han har sett verdien av å få speletid i eliteserien. Der han har moglegheit til å utvikle seg til å bli meir førebudd på nye oppgåver, seier Flo.

Valsvik spelte seg inn på førstelaget til Sogndal denne sesongen, og var ei viktig brikke i laget sin kamp for å overleve i eliteserien.

Siste nytt

  • Hansen vant norsk mesterliga-duell

    Espen Lie Hansens franske klubb Nantes tok første stikk mot Bjarte Myrhols Skjern i den første av to kvartfinaler i mesterligaen. Nantes vant 33-27 på hjemmebane. Bjarte Myrhol scoret fire mål for sin danske klubb.

    Espen Lie Hansen
    Foto: Stephane Mahe / Reuters
  • Mjelde kåret til tredje beste

    Maren Mjelde ble søndag kveld stemt frem av spillerne selv som den tredje beste spilleren i engelsk fotball.

    Lagvenninne fra Chelsea, Fran Kirby, vant prisen. Ji So-yun, også Chelsea-spiller, tok andreplassen.

    SOCCER-CHAMPIONS-CHE-WOB/WOMEN
    Foto: ADAM HOLT / Reuters
  • Napoli senket Juventus

    De fleste av de store fotballigaene er avgjort, men i Italia er det fortsatt spenning.

    Søndag kveld tapte tittelforsvarer Juventus 0–1 mot Napoli på hjemmebane.

    Dermed er Napoli bare ett poeng bak Juventus på toppen av tabellen.

    FBL-ITA-SERIE A-JUVENTUS-NAPOLI
    Foto: MARCO BERTORELLO / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
NRK Sport Live
NRK Sport Live
NRK Sport Live
Best i verden: Martin Schanche - Rattets Messias
Sport i dag
4-4-2 Eliteserien: Odd - Sarpsborg 08