Hopp til innhold

Gustav Valsvik etter tapet: Vi burde brukt Otoo mot slutten

Sogndal-juvelen Mahatma Otoo vart sitjande på benken gjennom heile kampen mot Vålerenga. Medspelarane synte tydeleg misnøye med trenar Jonas Olsson sin taktikk.

Otoo på benken

PÅ BENKEN: Mahatma Otoo (bak t.v.) måtte sjå at Sogndal tape mot Vålerenga. Jonas Olsson ville ikkje sleppe han innpå.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Ein kamp ingen av laga hadde råd til å tape, men som Sogndal til slutt tapte på surast mogleg måte. I det 89. minutt blir Christian Grindheim spelt fri og set inn vinnarmålet for eit Vålerenga som no fekk ein pustepause i botnstriden.

Men når det gjaldt som mest, valde Jonas Olsson å la den ghanesiske landslagsspelaren Mahatma Otoo sitje å fryse på benken. Dette synte ikkje minst Gustav Valsvik ganske så tydeleg kva han meinte om.

– Eg meiner vi burde gjort det

Etter kampen var han varsam med å kritisere trenaren sin, men på direkte spørsmål frå NRK.no om Otoo burde vore sett inn på for å få ein offensiv slutt, svara han følgjande:

– Det kan ein godt seie. Eg meiner vi burde gjort det, men det er jo trenaren som gjer valga og vi respekterar det.

– Kjem de til å ta dette opp med Olsson?

– Det får vi sjå. No skal vi ta analysen, og så får vi diskutere innad i gruppa kva vi kunne gjort annleis.

– Vi får to i trynet

Valsvik framstod sjølv om ein spelar i dag som verka til å vere klar til å ofre alt i kampen for eit Sogndal i poeng-naud.

– Vi ofrar alt og eg føler at vi gjer ein bra kamp sjølv om vi ikkje vinner. Vi ligg defensivt, vinn duellane og spelar på det vi skal spele på. Men så skjer det som ikkje skal skje. Vi får to i trynet. Vi er eit lag i motgang, seier Valsvik.

Valsvik

SKUFFA: Gustav Valsvik var slett ikkje nøgd etter det bitre tapet mot Vålerenga.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

– Det er eg som er trenaren

Jonas Olsson tykte lite om å få kritikk frå ein av sine eigne spelarar etter kampen. Han slo klart fast at dette har ikkje Valsvik noko med.

– Eg veit at eg er langt betre til å vurdere dette enn Gustav. Det er eg som er trenaren, ikkje han, seier Olsson.

– Men stiller du spørsmål ved din eigen taktikk?

– Eg kunne gjort masse annleis, men eg tykkjer vi fekk ut maks av kvar spelar i dag. Eg vil halde fram med dette laget, og eg er stolt over spelarane sin prestasjon. Vi har to heimekampar att og ein bortekamp. Det er ni poeng å spele om, så alt kan hende, sler Olsson fast.

Forstår at Sogndal er skuffa

Vålerenga-trenar Kjetil Rekdal var naturleg nok langt meir positiv etter kampen, sjølv om han tykte synd på Sogndal som tapte på målstreken.

– Det målet kom jo litt ut av ingenting sjølvsagt. Men vi har opplevd det sjølv mot oss i så mange kampar i år på slutten at vi forstår kor skuffa Sogndal er etter å ha tapt i dag.

Sogndal-trenar Jonas Olsson intervjua av Inge Kjell Holme om tapet mot Vålerenga.

Jonas Olsson om Vålerenga-tapet

Kjetil Rekdal om sigeren mot Sogndal

Rekdal om siger mot Sogndal