NRK Meny
Normal

Uavgjort for Sogndal

Sogndal og Lillestrøm spelte torsdag ettermiddag 0–0 i ein treningskamp på Åråsen.

Sogndal - Lillestrøm

UAVGJORT: Sogndal og Lillestrøm spelte torsdag 0–0 i ein treningskamp på Åråsen.

Foto: Oddleif Løset/NRK

Isak Scheel spelte heile kampen på si nye heimebane då Sogndal vitja Lillestrøm torsdag.

Leif Lysne, som er ny frå Fjøra, spelte heile andre omgang som keeper for Sogndal, medan også nykommaren Stefan Aase fekk prøve seg dei siste ti minutta for saftlaget.

Assistenttrenar Terje Skjeldestad er godt nøgd, sjølv om det vart eit mållaust oppgjer.

– Det var ein OK kamp. Sjølv om vi speler 0–0 viser vi at vi står godt mot eit anna tippeligalag på bortebane, seier Skjeldestad til NRK.no.

– God og viktig kamp

Uavgjort 0–0 har det blitt mykje av for Sogndal i det siste. Dei tre siste kampane i tippeligaen har enda slik, men Skjeldestad vil ikkje grine på nasen av resultatet i kampen mot dei gule.

– Vi fekk testa ut eit par ting, og fekk prøvd eit par nye spelarar. Så dette var ein god og viktig kamp i forhold til Odd-kampen om halvanna veke, seier Skjeldestad.

Nykomlingane presterte

Leif Lysne

KEEPER: Leif Lysne kjem frå 3. divisjonsklubben Fjøra.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det nye keeperen på Sogndal, Leif Lysne som kjem frå 3. divisjonsklubben Fjøra får skryt for sitt innhopp i andre omgang. Dette er hans første kamp for Sogndal og Skjeldestad meiner det er trygt å vite at han klarte å halde nullen.

– Han gjorde ein god kamp. Han tok det han skulle og hadde mellom anna ei fin og viktig redning, seier Skjeldestad.

Det var fleire av dei nye spelarane på laget som fekk sine første minutt i elden for tippeligalaget. I tillegg til Lysne fekk også tenåringen Stefan Aase frå Florø vise kva han er god for.

I løpet av dei siste ti minutta av kampen beviste han at han har spelt sin del av fotball i sitt liv.

– Eg trur han har godt av å få smake litt på det, og få prøve seg mot dei store gutane. Her er det absolutt mykje å byggje vidare på, seier assistenttrenaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kristian Fardal Opseth

FRÅ SENGA TIL SOGNDAL: For litt over eitt år sidan sleit han med å kome seg ut av senga. I dag fekk han prøve seg som spelar for Sogndal då laget møtte Lillestrøm.

Foto: Stig Høynes

Frå senga til Sogndal

For ein spelar var innhoppet i kampen ekstra moro. Den unge Kaupanger-spelaren Kristian Fardal Opseth kom innpå ti minutt før slutt.

For litt over eitt år sidan sleit 21-åringen med å i det heile teke kome seg ut av senga. Leddgikta sette lenge ein stoppar for det unge talentet.

Men no går alt mykje betre, og etter at han kom seg på beina att før jul i fjor har han den siste tida trena med Sogndal.

– Han har vore god på trening, så det var vel fortent at han fekk prøve seg. Vi må følgje med på dei som gjer det godt, seier Skjeldestad.

– Dette er berre utruleg moro

Fardal Opseth spelar til vanleg for Kaupanger i 4. divisjon der han i år vart toppskårar med 33 mål. At han i tillegg har fått spele for Sogndal er stort fotballspelaren.

Før skademarerittet vart han rekna som eitt av dei største fotballtalenta i Sogn og Fjordane, og no føler han at vegen går rett veg.

– Det var ufatteleg moro å få spele for Sogndal i dag. Når eg byrja spele fotball att i januar hadde eg aldri trudd at eg skulle kome i så bra form som no, seier Fardal Opseth etter kampen.

Draumen er å spele for Sogndal

Dei ti minutta han fekk spele mot slutten gav absolutt meirsmak, og Fardal Opseth vedgår glatt at draumen er å ein gong spele for Sogndal.

– Sjølvsagt hadde det vore moro. Eg trenar for å bli best mogleg, så får vi sjå, seier 21-åringen.

Sjølv meiner han at han ikkje var så veldig involvert i spelet, men at det var kjekt å få teste seg mot eit tippeligalag.

– Det er ganske stor skilnad på dette og 4. divisjon. Spesielt tempoet, det går mykje fortare.

Assistenttrenar Skjeldestad kan ikkje seie noko om kor vidt det er aktuelt at Fardal Opseth vert Sogndal-spelar i framtida.

Tippar endå ein 0–0 kamp

Den 20. november er det klart for den nest siste kampen for sesongen då Sogndal møter Odd Grenland borte. Skjeldestad har trua på poeng.

– Vi er bra i rute så viss eg skal tippe, så tippar eg 0-0, smiler Skjeldestad.