Hopp til innhold

Hovland hadde trua i nær 90 minutt - så utlikna sørlendingane

Sogndal-spelarane kan enno ikkje sleppe jubelen heilt laus etter at kampen mellom Fredrikstad og Start enda 1–1.

Even Hovland

MÅ GI ALT: Sogndalspelar Even Hovland seier dei skal gi alt dei to siste seriekampane for å sikre seg vidare spel i eliteserien. (Biletet er frå kampen mot Brann tidlegare i haust)

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det var ein spennande kamp heilt til slutt, seier Sogndalspelar Even Hovland.

Allereie etter eit minutt gjekk Fredrikstad opp i leiinga. Det såg lenge ut til at Fredrikstad skulle ta med seg alle tre poenga, men i det siste ordinære speleminuttet utlikna Start. Kampen enda 1–1 og poengdeling.

Fredrikstad er med dette resultatet sikra vidare liv i den øvste divisjonen. Hadde heimelaget fått med seg alle tre poenga, hadde også sogningane vore sikra vidare spel i eliteserien.

Trur Sogndal klarer seg

Hovland og resten av laget på kosetur til Oslo i helga. Han fulgte med på kampen mellom i kveld og seier det blei spennande.

– Vi må vere kjempenøgde med at Start berre klarte eitt poeng. Eg trur Sogndal klarer seg i eliteserien etter dette resultatet. Dersom vi ikkje klarer oss no, er det dårleg. Vi må gjere jobben vår til siste kamp, så får vi sjå kva resultatet blir til slutt.

Gir alt mot Odd

Sogndal ligg rett over nedrykksstreken med 31 poeng på 28 kampar, medan Start har 25 poeng etter dagens kamp. Sogdal har ti mål betre målforskjell.

Det er framleis ein teoretisk sjanse for at Start skal klare seg, og Hovland seier dei må gi alt mot Odd neste helg.

– Får vi eitt eller tre poeng der, så er vi sikra. Det er fokuset vårt no.

– I nær 90 minutt såg det ut som om Sogndal kunne vere trygge. Hadde de trua på at det skulle gå dykkar veg?

– Ja, sjølvsagt hadde vi det. Men no blei det uavgjort og vi må framleis kjempe og gi alt vi kan, seier Hovland.

Neste helg spelar Sogndal borte mot Odd, medan Start reiser til Stavanger for å møte Viking. Siste serierunden er 27. november. Sogndal avsluttar sesongen på heimebane når det tek imot Molde, medan Start får besøk av Tromsø.