Hopp til innhold

Frå skademareritt til toppskårar

Det er berre månader sidan han sleit med å gå. No er 21-åringen frå Kaupanger toppskårar i 4. divisjon. – Det er nesten så eg ikkje trur det sjølv!

Kristian Fardal Opseth

TOPPSKÅRAR: Kristian Fardal Opseth kom rett frå eit tre år gammalt skademareritt. Etter ti kampar har han skåra 17 mål og er toppskårar i 4. divisjon.

Foto: Stig Høynes

For tre år sidan starta det som har blitt eit langt mareritt for det unge fotballtalentet frå Sogn. På det verste har han nesten ikkje kome seg opp av senga, men ingenting skulle stogge han. No er han tilbake der han vil vere – på fotballbana.

Med 17 mål på berre 10 kampar er han den spelaren med desidert flest mål i 4. divisjon i Sogn og Fjordane.

- Det er berre så ufatteleg kjekt! Det er heilt herleg å kjenne at eg kan lukkast med noko igjen, seier Fardal Opseth til NRK.no.

Fekk leddgikt som 18-åring

Våren 2009 er ikkje noko 21-åringen ser tilbake på med glede. Det som starta med jumpers knee utvikla seg raskt til noko langt verre.

- Det viste seg til slutt at eg hadde utvikla leddgikt. Det har ikkje vore så lett å påvise sjukdomen, men eg har vore mykje dårleg, fortel 21-åringen.

Og dårleg har han verkeleg vore. I periodar har han hatt problem med å kome seg opp av senga om morgonen og det har vore vanskeleg å gå.

- Eg har ikkje vore sengeliggande, det har eg nekta. Men det var vanskeleg å ta seg fram, folk høyrde då eg kom slepande opp trappa.

Nekta å gje opp draumen

Sjukdomen snudde kvardagen for den unge fotballspelaren opp ned. Frå å vere rekna som eitt av dei aller største talenta i Sogn og Fjordane vart han tvinga til å leggje vekk fotballen.

- Eg har merka det på humøret. Det har ikkje vore noko kjekt. Draumen min har heile tida vore å få spele fotball profesjonelt, og den draumen har eg ikkje gitt opp, seier Fardal Opseth.

Sjølv om han ikkje lenger kunne spele fotball har han prøvd å halde seg aktiv. Sjølv med bein som ikkje ville bere han framover slik han ville, halta han seg fram til ergometersykkelen.

- Eg har prøvd å halde meg aktiv. Det er viktig for at ikkje ledda skal stivne heilt til, seier den sympatiske 21-åringen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kristian Fardal Opseth

TILBAKE: Etter tre år ute er Kristian Fardal Opseth endeleg tilbake på grasmatta. Biletet er frå ein treningskamp mot Fjøra i Sognahallen tidlegare i år.

Foto: Stig Høynes

Ny medisin snudde alt

Og før jul i fjor fekk draumen litt sterkare bein å stå på. Fardal Opseth fekk prøve ein ny medisin mot leddgikta, og brått byrja alt å gå så mykje betre.

- Allereie før jul hadde eg håp om å få begynne med fotball att, fortel han oppglødd.

Men etter tre år heilt utan fotballtrening måtte han ta ting steg for steg. Sidan i vinter har han fått trene med ball eit par gonger i veka, men mykje av tida har også gått med til alternativ trening for å trene seg sakte med sikkert opp att.

- Det er så herleg å kjenne seg litt, ja, kva skal ein seie, normal att. Kjenne at kroppen fungerer.

17 mål på 10 kampar: - Vanvittig

Og sidan fotballsesongen starta tidlegare i år har den unge mannen frå Kaupanger for alvor vist at han er ein fighter. For etter 10 kampar i fjerde divisjon tronar han åleine på toppskårarlista med 17 mål.

- Han er berre eit heilt vanvittig talent og eg er så utruleg glad på han sine vegne, seier trenar for Kaupanger, Marius Lenni Bø til NRK.no.

Han fortel om ein unggut som før skademarerittet kunne vore aktuell for Sogndal, men som sidan har måtte kjempe ein tøff kamp for å i det heile teke kome seg tilbake på grasmatta.

- Han er veldig strukturert i treninga si. Han har stått på og har ein treningsiver som er heilt enorm, så dette er veldig fortent, seier Lenni Bø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Publikum på Fosshaugane

NY SOGNDALSSPELAR? Trenar Marius Lenni Bø er full av lovord om den unge spelaren og trur han kan verte Sogndals-spelar i framtida.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

- Dette er framtidas spelar for Sogndal

Seinast fredag klinte Kristian Fardal Opseth ballen igjen i nettmaskene. Då vann Kaupanger 2-0 over Høyang. For målskåraren sjølv er det viktig at også laget får skryt for at han er toppskårar i divisjonen.

- Det er vanvittig godt å vere tilbake på eit slikt lag. Eg har mange gode tilretteleggjarar og eg er heilt avhengig av medspelarane mine for at eg skal lukkast, skryt 21-åringen.

Og trenaren er full av lovord om toppskåraren. Han går langt i å seie at det nettopp friskmeldte talentet kan bli ein spelar for til og med den beste divisjonen i norsk fotball.

- Han har så masse i seg og er ein fantastisk bra spelar, seier Lenni Bø og legg til:

- Dersom han held seg frisk og skadefri så vert eg overraska om han ikkje vert aktuell for Sogndal igjen om ei stund, seier trenaren stolt.

Tek ein dag om gangen

Sjølv vil ikkje Fardal Opseth gape over for mykje med ein gong.

Etter tre år der det å gå opp trappa har vore ei treningsøkt i seg sjølv, set han pris på kvar einaste trening og kvar einaste kamp.

- Eg vil ikkje tenkje så mykje på det. Eg er berre veldig glad at eg får spele fotball igjen, og fokuserer på det som skjer her og no. Eg har framleis ein veg å gå for å kome meg tilbake i god nok form, seier ein noko beskjeden fotballspelaren på Kaupanger.