Hopp til innhold

Tvilar på far til Simon

- Eg sår veldig tvil om det er sant at Simon og far hans sov under open himmel, seier Frp-politikar Per Sandberg.

Per Sandberg

Leiar i av justiskomiteen på Stortinget, Per Sandberg (Frp) sår tvil om det er sant at Simon (9) og far hans verkeleg sov under open himmel i italienske Bari.

Foto: Stian Lysberg Solum / Scanpix

Frp sin fremste justispolitikar kjem med det til no hardaste angrepet mot Fkade Thaye, som bur saman med den ni år gamle son sin i kyrkjeasyl i Florø.

Dei kom tilbake etter 80 dagar i Italia og hevdar at dei budde under open himmel .

Video nsps_upload_2009_9_14_18_27_2_1514.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Slik fortalde Fkadu Thaye at dei levde.

Tips frå nordmann

Men eit tips Sandberg har fått frå ein nordmann busett i Bari gjer at Sandberg tvilar på historia. Tipset går ut på at Fkade Thaye og sonen Simon ikkje var å finne i parkar i byen og at dei heller budde i asylmottak eller hjå landsmenn frå Eritrea.

Sandberg vil ikkje oppgi namnet til tipsaren, men personen skriv til Frp-politikaren at vedkomande leita etter Simon for å hjelpe flyktningane.

Simon og faren Fkade Thaye
Foto: Simon F. Solheim / NRK

Vedkomande hadde besøkt eit asylmottak der det hadde blitt hevda at fleire hugsa dei to asylantane. Detaljnivået i brevet er det som gjer at Sandberg trur på tipsaren.

- Viss det eg no får presentert frå Italia er riktig, så er altså heile historia til Simon og faren eit falsum. Det er veldig alvorleg, seier Sandberg.

Avviser påstandane

Men Fkade Thaye avviser påstandane frå Sandberg. Han seier dei budde ute om nettene, som regel i parkar men også på jernbanestasjonen. Og at dei ein gong i veka fekk hjelp i ei lokal kyrkje til å dusje og få mat.

- Eg kan ikkje bløffa om ei slik sak. Me sov ute, mellom anna i parkar, seier Thaye.