Advokat støttar ulovleg innreise
Både advokaten deira og leiaren i aksjonsgruppa meiner utviste Fkade Thaye gjorde rett i å reise attende til Norge saman med sonen Simon (9).
Advokaten til Simon (9) og faren hans, Roland Kjeldahl, støttar avgjerda om å reise til Norge. Sjølv om det er gjort på ulovleg vis.
Publisert 18.11.2009 20:20.
- Skriv ut
I dag var Simon og far hans Fkade Thaye attende i Florø, der dei no sit i kyrkjeasyl. Dei to vart i september sendt ut av landet etter halvanna år i kystbyen.
Advokaten deira, Roland Kjeldahl, kjende ikkje til at dei to var attende i Florø, men støttar avgjerda om å returnere til Norge.
- Hadde ikkje noko val
Kjeldahl meiner tilhøva under open himmel i italienske Bari ikkje eigna seg for den vesle guten. Dei to vart sende til Italia sidan det var der dei først søkte asyl, før dei kom til Norge.
- Eg forstår det veldig godt. Og dersom ein skal legge til grunn, og det må ein, at den livssituasjonen dei var i er reell, så kan eg ikkje sjå at dei hadde noko val i det heile. Det støttar eg fullt ut og eg vonar at også styresmaktene vil forstå det, seier han.
(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER TV-SAKA)
- Eit modig val
Dei to reiste med fly frå Italia til Sverige, og kom til Oslo med tog. Det er framleis uvisst for NRK korleis Simon og Fkade klarte å krysse grensene utan gyldige papir. Utsendinga engasjerte mange, og det vart oppretta aksjonsgruppe for å få dei to attende. Leiar Kåre Leif Hollevik er glad for å sjå dei to attende i Florø.
- Eg tykkjer det er eit modig val av ein far, seier han.
Var utvist
Etter utsendinga kom det fram at faren til Simon hadde bløffa seg til opphald i Norge. Ifølgje Utlendingsnemnda skal Fkade ha fila fingertuppane sine, og stakk av då politiet kom for å hente han i mars i år. På grunn av dette vart han utvist for brot på utlendingslova.
- Når dei ikkje har lovleg opphald i Norge, så har dei kome på ulovleg vis?
- Kva som er lovleg er ulovleg i ein kvar rettstat vil det vere gråsone om kva som er lov og ikkje lov. Akkurat denne saka er i denne gråsona, seier Hollevik.
(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER TV-SAKA)
- Heilt greitt å bryte lova
- Men regelverket er svært tydeleg på innreise og opphaldsløyve. Det er velkjent at desse to har fått avslag både hjå UNE og UDI.
- Eg meiner at denne saka ikkje tilhøyre ein klar kategori av ei ulovleg handling, seier Hollevik.
- Det blir stilt spørsmål om du ikkje er med på å bryte lova her. Er du det?
- Om så var, så er det heilt greitt, seier leiaren i aksjonsgruppa.
Les
Alt om Simon-saka
- Simon og faren gøymer seg i Sverige
- Støttegruppa får møte Stoltenberg
- Møtt av aksjonistar på flyplassen
- Simon og faren er i Roma
- Her blir Simon (10) sendt ut igjen
- Simon (10) blir kasta ut igjen
- Skulle registert seg i Italia
- - Kjenner ikkje til opphaldsløyve
- Sandberg provosert i Simon-saka
- Vil sende Simon ut av landet igjen
- Simon og faren ute av kyrkjeasyl

Aksjonerte for Simon (9)
Slik bur Simon (9)
Underskriftsaksjon for Simon (9)















Sol og sommar i fylket