Hopp til innhold

- Må behandle søknaden i Norge

Norsk Folkehjelp meiner Norge må skjære gjennom og behandle søknaden til Simon (9) og faren Fkade Thaye der dei er.

Simon Fkadu og Fkade Thaye

I KYRKJEASYL: Simon (9) og faren Fkade Thaye har flykta frå diktaturiske Eritrea. Etter mykje fram og tilbake er dei no tilbake i Florø, der dei sit i kyrkjeasyl.

Foto: Simon F. Solheim / NRK

- Krangelen går no på om det er Norge eller Italia som skal behandle søknaden. Men no må vi skjære gjennom og behandle saka der dei faktisk er, seier Trygve Augestad i Norsk Folkehjelp.

Organisasjonen har ikkje for vane å engasjere seg i enkeltsaker. Men Norsk Folkehjelp meiner saka til Simon og faren illustrerer at den såkalla Dublin-konvensjonen ikkje fungerer - og at den i dette tilfellet gjer at den vesle familien ikkje får søknaden sin vurdert.

- Respekterer ikkje menneskerettane

Dublin-konvensjonen regulerer kva stat som er ansvarleg for behandling av asylsøknader.

Men førebels har korkje Italia eller Norge teke endeleg stilling i saka til Eritrea-flyktningane Simon og faren.

- I Norge får nesten alle frå Eritrea opphald. Eritrea er eit diktatur nesten utan respekt for menneskerettane. Ifølgje Amnesty er berre det å flykte frå landet grunn til ikkje returnere, poengterer Augestad.

- Kva meiner du om at Norge sender born til Italia?

- Dublin-konvensjonen skulle sikre at born ikkje skulle gå lenge utan å få avklaring. Men her har dei ikkje fått saka si behandla etter to år i landet. Norge burde sjå på forholda i Italia, og om det er grunn til å sende barn dit.

- Situasjonen totalt forandra

Talsmann for støttegruppa til Simon, Amir Payan, arbeider intenst med saka om dagen. I dag vert ein ny søknad om opphaldsløyve send til norske styresmakter.

Håpet er å få omgjort tidlegare vedtak, som enda med at niåringen og faren måtte returnere til Italia.

Der budde dei tre månader under open himmel, før dei returnerte til kyrkjeasyl i Florø.

- Situasjonen er totalt forandra. Dei har komme heim og bur i kyrkjeasyl - då er det naturleg å sende ny søknad.