Hopp til innhold

Simon og faren har gått under jorda i Sverige - Florø-kvinnne uroa

Eritreiske Simon og far hans lever no i skjul i Sverige etter å ha teke seg ut av Italia. Den tidlegare husverten i Florø er uroa for guten.

Video Simon er i Sverige

SJÅ TV-SAKA: 11 år gamle Simon og far hans frå Eritrea har gått under jorda i Sverige. Venene deira i kystbyen fryktar no for framtida til dei to.

Simon (11) og faren blei tvangssende til ein italiensk by i fjor, til sterke protestar frå lokalsamfunnet i Florø.

For etter halvanna år på skule i Florø, hadde han lært seg norsk og fått venner. Så fekk faren avslag på asylsøknaden. Dei to måtte tilbake til Italia, det første europeiske landet dei kom til etter flukta frå i Eritrea.

Simon og faren Fkadu Thaye på Tanum

UTSENDE FRÅ NORGE: Simon og faren Fkadu Thaye fekk ikkje bli i Norge.

Foto: Anita Uberoi / NRK

No har Simon blitt 11 år og nyleg dukka dei to opp i nyheitsbiletet i Sverige. Firdaposten kunne vise til avisa Søderhamns-Kuriren hadde stort oppslag på at Simon og pappa Fkadu gøymer seg i Sverige.

Svenske styresmakter har sagt nei til opphald, og far og son har no gått i skjul på ulike stader.

Fryktar for framtida hans

Marit Melvær

UROA: Marit Melvær tykkjer det er uheldig at Simon må farte rundt slik.

Foto: Håvard Holme / NRK

I Florø fryktar den gamle husverten deira, Marit Melvær, for framtida til guten.

– Eg tykkjer det er ei tragedie. Simon er ein veldig skarp unge. Han har føresetnader til å bli ein bra samfunnsborgar, men det er klart at når han skal farte rundt slik som dette, så blir han øydelagd.

– Du har vore tett på dette Kva tenkjer du om korleis asylapparatet verkar?

– Det er eit veldig vanskeleg spørsmål, men eg tykkjer at borna blir teke altfor dårleg vare på. Eg tykkjer det er ei skam for Norge at vi skal behandle eit barn på denne måten.

Kunne tenkt seg å bli fostermor

Sjølv kunne ho tenkt seg å ha Simon i fosterheim for å sikre framtida hans.

–Då ville han vore sikra ei skikkeleg oppfølging. Det hadde eg teke imot på dagen om det var mogleg.