26.05.2012

Får ikkje sitje lenge i asyl

Simon i vindauget (Foto: Mathias Oppedal/NRK)

Bjørgvin-biskop i Halvor Nordhaug meiner Simon og faren Fkade Thye ikkje kan bli sitjande lenge i kyrkjeasyl.

Ni år gamle Simon og faren har ikkje fått opphaldsløyve i Norge, og han vart tidlegare i år frakta ut av landet. Men etter eit turbulent opphald i Italia, der dei mellom anna måtte bu under open himmel, er Simon og faren attende i Florø.

Onsdag gjekk dei inn i kyrkja i Florø og sit no der som kyrkjeasylantar.

Kan bli stort vonbrot

– Kyrkjeasylet må vere kortvarig. Det kan ikkje dreie seg om noko langvarig opphald, for kyrkja kan ikkje starte noko alternativ handsaming av asylsøknader. Det er ansvaret til styresmaktene, seier biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug.

Han meiner langvarig kyrkjeasyl kan gjere det vondt verre for asylantane ved at det blir skapt falske illusjonar, og han understrekar at kyrkjeasyl må vere ein mellombels situasjon.

– Det kan vere å skape falske illusjonar, og så vert vonbrotet endå større når dei må ut av landet. Dette er ein del av biletet ein må ta stilling til, seier Norhaug.

Lite eigna bustad

Nordhaug meiner kyrkjer er ein svært lite eigna stad å bu i.

– Ting er ikkje tilrettelagt for at menneske skal ha fast bustad i kyrkjene. Det har vore kortvarige løysingar for menneske som er på flukt, seier han.

NRK møtte Kåre Leif Hollevik i støtteaksjonen for Simon under ei markering for Simon og faren i Florø torsdag kveld.

– Eg ser at rommet dei har gått inn i er domet til kyrkja. Støttegruppa har full respekt for bekymringane til biskopen og tankane dei har om kor problematisk det er med kyrkjeasyl. Vi vil prøve å finne ei rask løysing på problemet. Vi ser ikkje for oss at Simon og faren skal sitje lenge i kyrkjeasyl, seier Hollevik.