Hopp til innhold

Tuva (7) vil at alle skal rydde kysten for skrot

KVALHEIM I VÅGSØY (NRK): Den vesle miljøagenten Tuva Danielsdotter er redd jorda døyr om vi ikkje blir flinkare til å passe på den.

Tuva Danielsdotter

VIL LEVE BEREKRAFTIG: Tuva Danielsdotter frå Vågsøy veks opp i ein familie som har mål om å leve berekraftig. Ho er med i serien Bli med heim på barne-TV.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det er ein vindstille og fin dag på Kvalheimsvika i Vågsøy. Her er naturen veldig, open og storslått. Havet og himmelen går i eitt. Ei sju år gammal jente leier mor ned bakkane mot fjøra, mot rullesteinane og den kvite sanden.

Tuva Danielsdotter og familien hennar stoppar opp. Synet som møter dei er så blanda. Det er så storslått, men så trist og på mange måtar motlaust.

– Då eg såg alt rotet på denne stranda, fekk eg lyst å rydde opp alt saman, så ville pappa og mange i familien hjelpe meg, seier sju år gamle Tuva Danielsdotter frå Holvik i Vågsøy.

Rot og skrot

For den vesle jenta har absolutt ikkje mista motet. Ho har fått med seg foreldre og besteforeldre, for no skal det ryddast. Målet er å samle saman alt dei ser av plast og boss.

Jobben er enorm.

Her ligg det store traktorhjul, metervis med tjukke nylontau, plastflasker, plastrøyr, blåser, trålkuler, ein fotball, ein godt brukt tannkost og ein einsleg crocks. Frå havet og vinden har det kome tjukke lag med plast.

Det er rot og skrot bak alle steinar, i alle bergklyfter i Kvalheimsvika. Som berre er ein av hundrevis av viker i sjøkommunen, Vågsøy i kystfylket, Sogn og Fjordane i havnasjonen, Noreg.

- Viktig at vi passar på jorda vår

Tuva slit i tau, ho sparar seg ikkje, går på med alle kreftene ho har.

– Kor mykje trur du vi klarer å rydde, spør mor Sunniva Oldeide.

– Eg trur vi klarar alt, om vi samarbeider og jobbar hardt, svarar Tuva.

I dokumentarserien, Bli med heim på NRK Super, får vi sjå korleis ryddinga går, og vi får høyre Tuva sine draumar og håp.

– Eg syns det er viktig at vi passar på jorda vår. Viss ikkje kan det hende den dør, og då blir det ikkje så kjekt å vere her, seier den unge miljøagenten.

– Det eg ynskjer meg mest av alt for jorda, er at vi kunne klare å samarbeide og fikse opp i alt rot i naturen, seier ei alvorleg Tuva Danielsdotter.