Hopp til innhold

Fint å vere seks søsken når Mille (9) vil leike gøymsel

VÅGSØY (NRK): Mille Gangsøy (9) bur i ein familie med seks søsken. Dette er ganske sjeldan i Norge i dag.

Millie og søskena

MANGE SØSKEN: Sondre (12), Emil (10), Mille (9), Julian (7), Melina (5) og Conrad (3).

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det er gøy å leike gøymsel når vi er så mange søsken, seier Mille.

Det tyt ungar ut av alle skap på vaskerommet til familien Gangsøy. Ni år gamle Mille er ein av seks søsken, og dermed er gøymsel naturleg favoritt i det kvite huset på nedre Tennebø i Vågsøy.

Det er Emil sin tur og stå. Først finn han Julian under skulesekkane på kjøkenet, Sondre og Melina kniser inst i eitt av skapa på vaskerommet og avslører seg sjølve. Emil opnar skapet ved sidan av, og Mille får lyset på seg og kryp ut. Minstemann Conrad klarer ikkje vente lenger og kjem fram under sofaputene, og så er alle dei seks søskena framme frå gøymselen.

I søskenflokken er Sondre (12) eldst, så er det Emil (10), Mille (9), Julian (7), Melina (5) og Conrad (3).

Tykkjer det er fint

Millie i Bli med heim

KOS: Det er kjekt å ha eit ekstra familiemedlem,

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ifølgje Statistisk sentralbyrå er store søskenflokkar sjeldne. Mille Gangsøy er ein av vel 1,1 millionar norske born og blant eit lite mindretal på 8000 born som har fem søsken eller fleire.

– Det er mest fint å ha mange søsken, for då har eg nesten alltid fleire å vere med, seier Mille.

Men niåringen ser ulempene også. Det er til dømes sjeldan heilt stille i huset der Mille bur. Når ho vil vere i fred, går ho på rommet sitt for å bygge Lego. På skrivebordet står stolte byggverk sirleg plasserte.

– Eg må passe godt på samlinga mi, for veslesyster likar å tulle med meg.

Norsk dokumentarserie.
Mille bur i ein familie med seks søsken! Ho synes småsøskena bråkar mykje og tar leikane hennar utan å spørje. Men det er kult og alltid ha nokon å leike med.

BLI MED HEIM: Mille bur i ein familie med seks søsken! Ho synest småsøskena bråkar mykje og tar leikane hennar utan å spørje. Men det er kult og alltid ha nokon å leike med.

Må passe på Legoen

Mille i Bli med heim

PASSAR PÅ: Mille vil ikkje at søskena skal tulle med klossane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Melina kniser frå rommet sitt, ho held seg for munnen og prøvar å skjule noko.

– Har du tatt noko frå meg, spør Mille.

Melina kniser og nikkar mot hylla si. Mille må leite litt, men finn nokre små figurar.

– Desse er mine, seier Mille og går tilbake til rommet sitt, plasserer figurane på rett stad og låser døra, mens Mille og Julian ser på.

– Eg låser døra og gøymer nøkkelen høgt oppe, slik at dei ikkje skal tulle med Lego-figurane mine, forklarar Mille.

Bli med heim

Foreldra til Mille og søskena, er Bjørnar og Margrethe Gangsøy, som driv tømrarfirma og kafe, i tillegg til å vere seksbarnsforeldre. I dokumentarserien Bli med heim på NRK Super, blir du kjend med heile familien og spesielt Mille. Ho og Julian skundar seg ut døra om morgonen.

– Når vi skal køyre til skulen, vil alle sitje på same plass i bilen. Vi spring om kapp, for alle vil sitje i midten framme.

Mille og Julian set seg til rette og sender kvarandre sigrande smil. Denne morgonen var det dei som vann søskenkonkurransen.

Programmet med Mille og familien hennar blir sendt på NRK Super tysdag 23. januar kl 18:20, men du kan når som helst sjå dette og dei andre episodane på nettsida til NRK Super.