Hopp til innhold

Trur ulven har vore på ferde igjen

Etter funn av åtte sauekadaver i Lavik, trur Statens naturoppsyn ulven som gjorde skade i sommar har vore på ferde igjen.

Sau måtte avlivast etter møte med ulv

TOK LAM: Ulven har teke fleire lam i Naustdal og Fjaler i sommar. No er det også gjort funn i Høyanger. Dette biletet er frå funn i sommar.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Vi fekk melding om at det var funne fem sau ute på beite. Vi undersøkte dei, og ved tre av dei er det teikn på at det var ulv som har drepe dei, seier regional rovviltansvarleg i Statens naturoppsyn, Rein Arne Golf.

– Kva gjer at de tenkjer det er ulv?

– Det er på bakgrunn av bitemerke og blodutredingar vi finn når vi undersøkjer dyra.

Truleg same ulv

I starten av juli blei det funne ni lammekadaver i Naustdalsfjella og det blei då gjeve løyve til felling av ein ulv. Seinare blei det funne eit lammekadaver i Guddal i Fjaler, som ein trur var teke av same ulv. Det blei også observert ulv i Flora. Golf seier dei har grunn til å tru at det er same ulv som no har gjort skade i Lavik.

– Det er ikkje veldig langt frå område der det tidlegare er påvist skade frå ulv. Det er god grunn til å tru at same ulv har vore på ferde her òg.

Tysdag kveld fekk Golf melding om fleire kadaver.

Rein Arne Golf

TRULEG ULV: Funna frå Høyanger er truleg knyt til ulven som var på ferda i sommar, seier Rein Arne Golf i SNO.

Foto: Johan Moen / NRK

– Det er ytterlegare tre funn av kadaver som var funne i same område som i dag. Der kjem vi til å gjere undersøkingar torsdag.

– Det er god grunn til å tru at det er same ulv, men vi veit ikkje det, seier han.

SNO har også samla inn ein del ekskrement for å ta DNA-prøver.

– Det vi har fått inn til no har ikkje slege ut på ulv, det har vore rev eller andre dyr, fortel Golf.

Førebels ikkje søkt om løyve

I byrjinga av august gjekk skadefellingsløyvet som var gitt til Guddal beitelag, Flekke beitelag, Fjorden og Dale beitelag og Gaular beitelag ut. Dette blei ikkje forlenga av Fylkesmannen fordi det ikkje var gjort nye observasjonar av ulv eller funne fleire kadaver.

Det er til no ikkje søkt om skadefellingsløyve for ulv.

– Vi har ikkje fått nokon søknad enno. No er dette relativt fersk. Det tek ofte litt tid før folk frør områdd seg. Vi avventar og ser, seier fylkesmiljøvernsjef Hermund Mjelstad.

Dersom det kjem ein søknad, kan dei behandle den raskt.

– Vi prioriterer dette ganske høgt, særleg ulv, for der er ganske stort skadepotensial, seier Mjelstad.

– Meld frå

Rein Arne Golf i SNO ber folk melde frå om dei gjer observasjonar.

– Meld frå oss til om ein observerer ulv eller spor av ulv. Dei som finn kadaver bør dekke dei til, så dei er mest mogleg intakte. Åtseletarar et på kadaver og øydelegg veldig fort det vi ser etter, seier Golf.